Hold kalven varm: Kalvedekken er ein rimeleg og enkel måte å halda kalven varm på.
I tillegg til god og nok råmjølk, er oppstallinga og godt stell nøkkelen til god velferd og helse for kalven. Oppstallingsforholda skal halda kalven fri for skade, beskytta frå sjukdomsagens og tørr og varm nok.
Ingrid Vikshåland Lyngmo,
veterinær ved Veterinærkontoret i Suldal
I mange av dei eldre båsfjøsa er det ikkje eiga avdeling som er tiltenkt småkalvane. Kalvane vert gjerne «korridorpasientar» i kalveboksar på gangen bak båsrekka. I nye lausdriftsfjøs ser me også i enkelte tilfelle at kalveavdelinga kunne vore betre, både når det gjeld plassering og praktiske løysingar. Men sjølv om den fysiske utforminga og plasseringa av kalveboksen ikkje er ideell kan du gjera mykje for å betra miljøet til kalven med relativt enkle grep.
Tørt, tett og trekkfritt
Dei første vekene skal kalvane oppstallast enkeltvis i bingar med tett og varmeisolerande golv. Det må brukast tilstrekkeleg med strø til å halda liggeplassen til kalven tørr, og det skal vera trekkfritt.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.