Kristin Skranefjell Eikeland og Ivar Eikeland driv Bjelland Prestegård, på Bjelland i Marnardal på Vest-Agder. Seks år etter at dei tok over, er begge heiltidsbønder. Betre økonomi i drifta og meir tid som familie, skal kompensere for tapt inntekt. Hege Bjerkreim og Lars Torgny Ånestad driv gard med blant anna ammeku på Varhaug i Hå kommune, Rogaland. Dei ville gjere nytte av ein ubrukt tårnsilo. Ei kreativ løysning gav rom for ei auke i talet på mordyr, frå 30 til 45. Felleskjøpet Rogaland Agder åpna eitt av Nordens største landbrukssenter, i samanheng med årsmøta i Aust- og Vest-Agder vart det arrangert til diskusjon om framtida til landbruket i Agder og det var valstemning i lufta. Inge Manfred Vorbasse presenterer første del av påskekrimmen. Alt dette og mykje meir i vekas Bondevennen!

 

Neste nummer av Bondevennen kjem i postkassane onsdag 12. april.