Vestlandsk raudkolle er trendy
Kjøtforedling, robotmjølking og livdyrsal. Moglegheitene for dei som vel å satse på gamle storferasar er minst like mange, som det er i meir kommersiell drift.
Kjøtforedling, robotmjølking og livdyrsal. Moglegheitene for dei som vel å satse på gamle storferasar er minst like mange, som det er i meir kommersiell drift.
For mange kan det løne seg å vurdere dei gamle storferasane som eit alternativ, også i mjølkeproduksjonen. Det meiner Edvin Vestvik, økonomirådgivar i Tine.
Dei kyrne som ein gong forsynte oss nordmenn med både mjølk og kjøt, er i ferd med å endre status til ekstensive kjøtferasar. – Me må snu trenden, seier Ola Hammer Langleite i Urfe SA.