Vil styrke økologisk landbruk
Lars Petter Bartnes meiner det var uheldig at styresmaktene fjerna den nasjonale målsettinga for økoproduksjon. – Vi må få på plass eit nytt produksjonsmål for økologisk produksjon, seier bondelagsleiaren.

– Landbruk har blitt kult igjen, meiner jordbrukselev Jannik Traavik Mennen. Marknadshagar, med kort veg frå åker til kokkekunst, er ei forklaring. At landbruket sit med viktige brikker til klimaløysing, er ei anna.
– For oss vart økologisk det beste alternativet. Ikkje fordi det er økologisk, men fordi eg vil at hønene mine skal gå ute, seier Jan Johannessen.
– Dagens jordbruk er diverre jordforbruk. Det kan gje store konsekvensar for mattryggleik, klima og miljø, åtvarar Silja Valand, rådgjevar i NLR Viken. På Voss rustar bøndene seg til klimakamp, med bygging av matjord som fremste verktøy.
Det heile starta med ein kunstnar med ei interesse for fuglar. No har Økodrift Homlagarden vakse til noko stort, og blåser nytt liv i nedlagte Vestlandsbruk.