Smått kan bli godt
Tre fjøsopningar i strålande vårsol viser at det går an å modernisere bruket utan å auke kvoten – om du verkeleg vil fortsette som mjølkeprodusent.
Tre fjøsopningar i strålande vårsol viser at det går an å modernisere bruket utan å auke kvoten – om du verkeleg vil fortsette som mjølkeprodusent.
– Frykta for å begynne i fast arbeid var større enn frykta for å fortsette å mjølke, seier bonde Eivind Myrdal, som mjølker 13 kyr i lausdrift.
– Me måtte gjere det skikkeleg eller avslutte drifta. Det siste var ikkje aktuelt, seier Aasmund Nordstoga, i Vinje.
Mjølkestallen er bytta ut med robot. Det gir etterlengta fleksibilitet. Kvoten er auka frå 200 til 250 tonn. Det skal gi Jonny Soltveit mat på bordet, og vel så det.
Det starta med 122 søyer, men begge hadde ein kvote i medgift. I dag er Johanne og Trond Grødem mjølkeprodusentar i nytt robotfjøs.