Utviklar fôr for framtida i Formelfjøset
Den bondeeigde 125-års jubilanten Felleskjøpet Rogaland Agder har bakkekontakten i orden. Berekraftig fôrproduksjon er blant dei prioriterte områda på forsøksgarden i Klepp.
Den bondeeigde 125-års jubilanten Felleskjøpet Rogaland Agder har bakkekontakten i orden. Berekraftig fôrproduksjon er blant dei prioriterte områda på forsøksgarden i Klepp.
– Felleskjøpet Rogaland Agder er ein del av bygdeidentiteten. Me skal vera tilsnakkande og syna at me bryr oss. Då bygger me samvirke i praksis, seier Jannike Nystøl Simonsen.
Betyr 125-åringen Felleskjøpet Rogaland Agder meir enn å «berre» vera ein stabil leverandør av kraftfôr, gjødsel og såvarer? Bondevennen har sjekka med BondeKompaniet på Varhaug.