Meir heimeavla fôr: Ole Magnar jobbar for at mest mogleg av fôrrasjonen skal bestå av heimeavla fôr. – Det er viktig både med tanke på klima og økonomi, seier han.
Sunt bondevett og moderne teknologi
Ole Magnar Undheim nyttar kukontrollen når han skal planlegge produksjonen og informasjon frå roboten er eit uvurderleg hjelpemiddel i den daglege drifta.
Liv Kristin Sola
Det første Ole Magnar Undheim gjer når han kjem i fjøset, er å sette seg framfor datamaskinen. Her får han god oversikt over kyrne sin aktivitet og mjølking siste døgnet.
Kua gir svaret
Bonden ser etter kyr som er for seine til mjølking, sjekkar celletal og brunst. Det er ikkje uvanleg at nykalva kviger må hentast til mjølking før dei finn ut av rytmen – og kraftfôret, og går i roboten sjølve.
Vaksne kyr er meir sjeldan han må hente. Når det skjer er det eit lite varsku og bonden sjekkar aktivitet, temperatur, mjølkemengde og drøvtygging.
– Låg drøvtygging betyr at kua ikkje har ete normalt. Då må eg finne ut kvifor, seier Ole Magnar.
Etter å ha danna seg eit bilete går han inn i fjøset.
– Eg sjekkar kua, om ho tygger drøv, og sjekkar gjødselkonsistensen. Er den for blaut reduserer eg gjerne kraftfôret eit par dagar og ser om det betrar seg.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.