Gardsbesøk: Lørdagen var det tid for gardsbesøk på tre gardsbruk. Foto: Are Line
Gardsbesøk: Lørdagen var det tid for gardsbesøk på tre gardsbruk. Foto: Are Line
Holsteinkongress:

Små steg mot suksess

26. februar 2025 | Reportasjar

Holsteinkongress, eit pusterom frå SoMe og politikk.

– Desse dagane vil me fokusere på det me faktisk kan endre i eiga drift, seier Hanne Varhaug Helland.

Liv Kristin Sola

Les meir frå Norsk Holstein Kongress 2025:

Nerd på oksar
25 år med holstein
Anne Marit røktar 132 kyr
Propylenglykol mot ketose

Styret i Norsk Holstein hadde vald eit nøkternt, men ambisiøst tema for årets kongress. Tema går rett inn på fjøsgolvet, presentert av fagfolk som òg kan formidling. Kan hende er det oppskrift til suksess?

Frå minikongress til kongress

Det starta i fjor med ein minikongress med 100 deltakarar. Engasjerte medlemmar utfordra styret til å gjenta suksessen. Det er ikkje plent enkelt. Men dei tok utfordringa. Gjekk frå minikongress til kongress og inviterte dobbelt så mange til Kongress 2025 i Stavanger. Ein konferanse med fag, drøs og fjøs.

For sjølv med ein sårbar økonomi i laget går dei ikkje på kompromiss med fagleg innhald. Styret plukkar frå øvste hylle, og helst fagfolk som tør å utfordre etablerte sanningar. Som blant anna:

Er det optimalt med så restriktiv opptrapping av kraftfôr etter kalving som har vore rådet dei siste tiåra?

Er det underdekning med energi som sender kua i ketose, eller er bilete meir samansett?

Skal me ta for gitt at kua taper hold etter kalving, er det mogleg å førebygge?

Hanne Varhaug Helland, styreleiar
Hanne Varhaug Helland, styreleiar Norsk Holstein
Styret Norsk Holstein: Styret i Norsk Holstein er goddt samkøyrte og legg ned mange timar med dugnad for laget. Likevel tok dei attval, dei som var på val. F.v.: Styreleiar Hanne Varhaug Helland, Annelin Sveinsvoll, Noralv Sandvik, Peder Saltrø, Elling Ruggli, Erling Reinfjord, Erik Willgohs, Svein Nedremyr og Bjarte Time. 

 

Holstein, NRF og jersey

Norsk Holstein kan sjå langt etter dei økonomiske musklane og ressursane som etablerte organisasjonar kan stø seg på. Det er styret som dreg lasset, meir eller mindre på dugnad.

Blant medlemmane i Norsk Holstein, er det bønder som driv med NRF og med jersey. For styreleiar Hanne Varhaug Helland er det viktigast at dei er interessert i kyr og i god drift.

– Det er så gildt å sjå at det kjem så mange unge og at mange kjem som par. At dei har fått både barnepass og avløysar. Det er ikkje alltid enkelt, seier ho.

«No skal me heim å ….»

Bøndene er fulle av lovord når dei sjekkar ut og gir seg på heimveg. No skal dei heim og gjere teori om til praksis. Dei skal teste kyr for subklinisk ketose, vurdere strategien for avsining og sintidsfôring, eller endre på kalvefôringa. Eller bygge kalvefjøs.

Små steg mot suksess.

Tre generasjonar: Hanne og Emil har med seg Sofie (6,5 mnd.) på kongress. Også Hanne sine foreldre, Monika og Arne Hernes er med på Kongressen.
Tre generasjonar: Hanne og Emil har med seg Sofie (6,5 mnd.) på kongress. Også Hanne sine foreldre, Monika og Arne Hernes er med på Kongressen.

Gler seg til å bli bønder

Hanne Hernes og Emil Drilen Aune er på veg inn som aktiv samdriftspart i Era samdrift.

Det unge paret skryter av konferansen. Ikkje minst kombinasjonen fag og fjøs.

– Veldig interessant og artig, seier Emil.

– Det faglege nivået er høgt, men det er likevel lett å følgje med når det er såpass korte innlegg, seier Hanne.

– Ja, det er mykje nytt å lære. Blant anna om sinkuperioden og oppfôring av kalv. Det var interessant, seier Emil, og viser til innlegget av Kay Arne Aarset og Søren Lund dagen før.

Blir paktarar i samdrift

Hanne jobbar i barnehage og Emil er utdanna anleggsmaskinførar. Han er ikkje frå gard, men har alltid vore interessert i landbruk og hatt lyst til å bli bonde. No kan det bli ein realitet.

– Me er i samtalar om å få overta ein kvote og pakte eit bruk som er i samdrift med mine foreldre, seier Hanne.

Foreldra til Hanne er Monika og Arne Hernes, som driv Era samdrift på Ørlandet i Trøndelag. Dei to er kjende personar i holstein-miljøet her til lands. Era samdrift har rundt 75 årskyr og leverte 760 tonn mjølk til meieriet i fjor.

– Planen er å bli aktive partar i samdrifta, seier Hanne.

Det er interessa for dyr, kyr og kalvar, som motiverer Hanne mest til å bli bonde. Emil trekker fram livsstilen som ein viktig motivasjonsfaktor. Og arbeidsmengda.

Tidleg krøkast….: Sofie har vore i fjøset heime mange gonger, og er van med kyr. 
– Ja, eg er glad i å arbeide. Trivst når det er mykje som skal gjerast. Og så er det artig å sjå resultat av det ein driv på med, seier han.

– Men det er jo ein del kunnskap som må inn, seier 23-åringen og smiler.

For sjølv om interessa for landbruk alltid har vore stor, erkjenner han at det er viktig å ha ein del teori i botn for å ta gode val i drifta.

Veteranar i miljøet:<br />
Hans Erik Nærland t.v.<br />
og Thomas Wiig

Utmerkingar: Anne Marit Aas var fotograf på bilete som var gjennomgangstema i kongressen, så ei rekke utmerkingar for haldbare kyr, høgaste avlsverdiar, og høgast kåra ku, så ei rekke med 100-tonnarar.

Utmerkingar

100 tonnarar

Songmoen Samdrift v/ Arild Melås og Johan Morten Solem
1353 Nille (D Jul x Nord-Braut) fødd 09.05.2013
1441 Oreo (VH Bismark) fødd 10.06.2014

Elin Hobberstad
1144 Cess (VH Miracle x Holmås) fødd 06.03.2015

Jan Erik Aasbø Glåmen
0872 (D Ole x Guterud) fødd 22.10.2011

Anita og Per Christian Arnesen
330 Svartros (Rakuuna x Hojem) fødd 23.03.2013

Midt Varhaug Samdrift v/Hanne og Arild Helland
1054 Zenitha (Zenith x Jurus) fødd 06.09.2011
1189 Clara Red (Bama-Red x Advent-Red) fødd 10.09.2015

Kirsten Marie Lynum
1929 Gullfa (Fanatic x VH Op) fødd 30.09.2015

Todnem Samdrift
2362 (Razor x Armstead) fødd 12.12.2013

Beste dyr og besetning

Høgst kåra ku: Tormod Ropeid (Kingpin x Supershot) EX 91

Høgste yting: Svein Nedremyr med 13888 kg EKM i snitt i buskapen. 

Mest haldbare besetning: Svein Nedremyr – snittyting i buskapen ved utrangering er 43004 liter.

LPI: Knut Johan Singstad nr 575 (Zoar x Delta-Lambda) LPI 3634

NTM: Erik Willgohs nr 1024 (Goku x VH Harry P) NTM 29

TPI: Hanne og Arild Helland Midt-Varhaug Samdrift 1438 (Parfect x Pyramid) PTPI 3085

Herd Competition

Ein konkurranse der bonden presenterer tre kyr som gruppe.

I tillegg til dei tre beste gruppene, vart det kåra beste 1, kalvar, 2, kalvar og eldre kyr. Samt besetningsgruppe med beste jur, beste bein, beste type og beste presentasjon.

Monika og Arne Hernes vann prisen for mest entusiastiske gardbrukarar.

1. Plass og vinnar er Knut Johan Singstad, med kåringar: VG, VG og VG

2. Plass Midt Varhaug Samdrift v/ Hanne og Arild Helland, med kåringar: GP, VG og EX

3. Plass Anne Polden og Peder Saltrø, med kåringar: VG, VG og VG

 

Stikkord denne saka: