Bygde på begge langsidene: Til høgre i biletet står oksar og ungdyr. Unni og Magne Henry Grude har utvida fjøset på begge langsidene, ved å fjerne element og sette inn dragerar. Grovfôret blir blanda på låven, og sleppt ned på fôrbrettet (sjå «boksen» rett over fôrbrettet på biletet)
Mjølkebønder i Dalane reiste frå fjøs til fjøs for å henta inspirasjon, då landbrukskontoret i Bjerkreim inviterte til «mjølkesafari».
Jane Brit Sande
Landbrukskontoret i Bjerkreim inviterte nyleg alle interesserte bønder i Dalane til å sjå på forskjellege løysingar for mjølkefjøs til under 30 kyr. Kring 50 bønder frå 27 gardsbruk var med på mjølkesafarien, som gjekk over to dagar.
– Bakgrunnen er at me veit at mange mjølkebønder i Dalane grublar på korleis dei skal løyse det komande kravet om lausdrift. Problemstillingane dei må vurdere er gjerne om dei skal bygge nytt eller ikkje, og om delar av dagens driftsbygning kan nyttast, seier Svein Olav Tengesdal, rådgivar på landsbrukskontoret, til Bondevennen.
Første dag reiste deltakarane, delt inn i to grupper, rundt for å kikka på fire forskjellege fjøs. Tre av fjøsa var båsfjøs som var bygd om, det siste var av nyare dato. Alle fjøsa har mjølkerobot. I etterkant av fjøsbesøka inviterte landbrukskontoret til ein oppfølgingsdag, der blant anna planlegging, tilskot frå Innovasjon Norge og kostandar i byggeprosessen var tema.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.