Luksus i vinterhagen: Når Jan opnar lukene er hønene snare med å kome seg ut. Først i vinterhagen, så heilt ut, gjennom lukene langs veggen til høgre.
– For oss vart økologisk det beste alternativet. Ikkje fordi det er økologisk, men fordi eg vil at hønene mine skal gå ute, seier Jan Johannessen.
Liv Kristin Sola
Hjå Lillian og Jan Johannessen på Finnøy har både folk og fuglar fått ein ny kvardag etter at dei bygde vinterhage og slapp hønene ut på beite.
– Når flokken er dressert går dette eigentleg på skinner. Hønene veit kor dei høyrer heime og oppfører seg eksemplarisk, seier Jan.
Lillian og Jan er først ute med økologisk eggproduksjon på Finnøy. Kommunen har landets desidert høgaste hønetettleik, ifølgje SSB. Med 212 500 høner fordelt på 3200 innbyggjarar, blir det 66 høner per innbyggjar.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.