Tunga rett i munnen! Lessevogna slepp fôret ned i sjakta, ein elevator fraktar det vidare til transportbandet og inn på låven.
Haustar grovfôret nesten 1000 moh.
Med ein gong grasballane kjem ut or pressa, står traktoren klar til å ta imot. – Slik sikrar me oss at dei ikkje fer i elva, seier Johan Marsh, bonde i brattaste Aurland.
Lise Elvagjeng, NLR Vest
Ved kyrkja i Flåm ber det rett til himmels, i dobbel forstand. Johan fortel at vegskildringa til framande som regel er: «Køyr så langt at du er heilt sikker på at du har køyrt feil, då køyrer du berre litt til, så er du framme.»
Det er både overraskande og imponerande at det blir produsert mat i så stor skala, så langt til fjells. Bratta er enkel å kjenna att. Ved kvar ei avkøyrsle, som er litt større enn at to bilar kan passera, er plassen godt utnytta. Gafnervogna, snøfresen og vegskrapa er alle lagra på ein slik plass, og eg forstår at vegskildringa til Johan kan stemma. No er det berre eit kort stykkje att.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.