Hjelpe med avl: Merethe Mørk (t.v.) har vore Anita Garheim Stangeland sin mentor gjennom året. Anita ville ha ein mentor som kunne hjelpe ho med å komma i gang med avlsarbeidet på garden.
Ein mentor på laget
Når kvardagen er ny, ansvaret stort og spørsmåla mange, er det godt med ein mentor på laget. Gjennom sitt første år som bonde, har Anita Garheim Stangeland fått rettleiing frå Merethe Mørk.
Jane Brit Sande
Anita Garheim Stangeland (25) tok over garden på Koldal i Eigersund i oktober i fjor. På garden er det ammeku-produksjon. Ho har 14 mordyr, alle er reinrasa angus. Då Anita høyrte om mentorordninga til Norsk Landbruksrådgiving (NLR) tenkte ho ‘kvifor ikkje?’
– Før eg tok over, hadde ikkje avlsarbeid vore prioritert her på garden. Eg trur fokus på avl berre blir viktigare i framtida, men eg kunne ikkje noko om det. Derfor ville eg ha ein mentor som kunne hjelpe meg med dette, seier ho.
Og her kjem Merethe Mørk inn i biletet. Også ho frå Eigersund. Merethe har lang fartstid som ammekubonde, og med avlsarbeid på angus.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.