Sjekker alle: Alle føtene skal sjekkast når Atle tar runden med å klippe klauvene på sauene.
Sauene til Tonje og Atle Kloster er klipte og lyste. No står klauvene for tur. Det er Atle sitt ansvar. – Det går greitt når eg først er i gang, seier han.
Liv Kristin Sola
Det er den veka i året. Atle Kloster har sett av fem dagar til å klyppe klauvene på saueflokken. 171 dyr skal sjekkast og trimmast.
– Heilt greitt, seier han, og vipper ei av søyene over i nettingramma.
– I teorien skal dei ligge i ro. Som ei flue i eit edderkoppnett, seier bonden.
Systematisk sjekk av alle dyr
Men det er ikkje alle som ligg like djupt i nettet. Lamma kan vere ei utfordring, men Atle er svært nøgd med hjelpemiddelet sitt. Det gjer det mogleg å gjere jobben åleine. Berre bonden, saueflokken og musikken. Det trivst Atle godt med.
– Eg hugsar det som meir strevsamt i fjor. Då stressa eg nok meir for å bli ferdig. I år har eg akseptert at det tek den tida det gjer. Då er det greitt, seier han.
Alle dyra skal sjekkast. For det er ikkje lett å sjå korleis tilstanden på klauvene er utan å sjå dei under føtene. Systematisk jobbar Atle frå binge til binge og merkar dei dyra som er klipte.
– Tilstanden på klauvene varierer. Alt frå skikkelege heksenegler til dei som ikkje treng å trimmast i det heile, seier han.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.