I gang: Erik Haraldseid Bleie har grunn til å smila. Bygginga er i gang. I desember skal mjølkeroboten vera i drift.
Medan enkelte tel på knappane kring mjølkekvoten og lurer på om forbrukarane i det heile kjem til å drikka mjølk i framtida, står betongbil og -pumpe i tunet til Erik Haraldseid Bleie. Der på garden bygger dei nytt mjølkefjøs.
Sjur Håland
Vindkasta feiar innover øya. Regnbøyene kjem på tvers. Erik Haraldseid Bleie (33) drar glidelåsen i den grå Nortura-dressen heilt opp under haka, reiser seg mot den sure januarvinden og smilar breitt.
30 kyr
I løpet av 2020 skal eit nytt tilbygg på plass på garden. I det nye uisolerte lågbygget blir det plass til 30 kyr i lausdrift pluss mjølkerobot og kviger og oksar. Nå er grunnarbeidet godt i gang.
– Målet er å kopla saman dei to bygningane i sommar medan dyra går på beite. Til hausten skal overbygget reisast, medan me reknar med at roboten sviv og fjøset er i drift i løpet av desember, fortel bonden.
Framtid som mjølkebønder
Det handlar om å realisere planane om ei framtid som mjølkebønder på Berge på Finnøy i Stavanger kommune. Slekt følgjer slekters gang. Ellen og Erik har ein toåring som heiter Erlend. Dei tok over garden frå Erik sine foreldre, Sissel og Odd Bleie, i 2018. Foreldra er framleis med i gardsarbeidet og bur i eine huset i tunet.
– Mor og far er avløysarar, rådgjevarar og gjer alt som me ikkje rekk å gjera sjølv, seier Erik, og held fram at også svigerforeldra, som bur i nabolaget, er med og hjelper til når det trengs.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.