BN+

Mat og medisin: Turka lauv er freistande for sauen, og Kåre og Anne Lise Ulvund sparer alltid nokre lauvkjerr til lamminga. Foto: Svein Petter Kveim.


Medan insekta forsvinn i skremmande tempo verda over, er det framleis summande liv i dei artsrike slåtteengene på Ulvund. – I fjor var det så mange småhumler at eg nesten kvidde meg for å starta slåtten, seier Kåre Ulvund.


Anne Rivenes, frilansjournalist Voss


I teppe av søt kvitkløver summa hundrevis av villbier då bonden på Ulvund skulle ta andreslåtten i august i fjor. Han skulle gjerne ha filma det kjekke synet av ivrige insekt. Heldigvis flytte dei seg berre til neste blomeeng, då bonden gjekk i gang med langorven. For her er ingen traktorslått. Også årets slåttearbeid blir ”på gamlemåten”, men no er det mai og sauene går på heimebeite, før dei slepp til fjells.

Heile flokken i arbeid

– Bakkane er så bratte at me må bruka slåmaskin og ljå på engene og krattryddar inntil røysene. Ein tredel vert hesja, og resten raka saman og lagt i silo. Me hesjar 400 golv (med seks valmar i kvar), og brukar 350-400 arbeidstimar i slåtten, fortel Kåre Ulvund, som driv garden saman med kona Anne Lise Brommeland Ulvund.


Dei fire vaksne borna kjem alltid heim i slåtten. Dei er vane med å delta, nett slik Kåre var i sin oppvekst.


– Me tok over garden for 35 år sidan, men har begge hatt arbeid ved sida av. Garden er for liten som eige levebrød, så det er meir ein livsstil, seier Kåre og Anne Lise.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,