PORTRETT

Vil spela sterkare nasjonal øko-rolle

28. januar 2021 | Portrett

Kjetil Øvstetun, ny rektor på Sogn jord- og hagebruksskule

Visjonar: På timeplanen i januar står strategiarbeid, og konstituert rektor Geir Kjetil Øvstetun meislar ut ein ambisiøs femårsplan for Sogn jord- og hagebruksskule. Foto: Kaarina Borud/SJH

Den nye rektoren ved Sogn jord- og hagebruksskule har von om at tradisjonelt og økologisk landbruk skal bli flinkare å samarbeide.

Anne Rivenes, frilansjournalist

Kvardagen til Geir Kjetil Øvstetun spenner mellom industribygd og jordbruksbygd. I tillegg til å vera rektor ved Årdal vidaregåande skule, er Geir Kjetil Øvstetun dette skuleåret konstituert rektor ved den økologiske landbruksskulen i Aurland. Sjølv om oppdraget kanskje ikkje strekkjer seg lenger enn året, har nyerektoren ambisjonar for økoskulen si framtid.

 Breiare kompetanse

– Eg meiner Sogn jord- og hagebruksskule kan få ei endå større nasjonal rolle innan økologisk landbruk. SJH har hatt ei rolle nasjonalt med utviklinga av økologisk landbruk, ei rolle me framleis ynskjer å ha, seier han til Bondevennen.

– No legg me strategien for dei neste fem åra, og me ynskjer å ta eigarskap til fleire ting enn i dag. Me skal betre kompetansetilbodet med modular og årskurs på fagskulenivå, og me vil utvikla eit breiare kurstilbod. Dette er mine ynskje, og ikkje vedteke enno, men strategiplanen er under arbeid, seier Øvstetun.

– Bør det bli krav om kompetansebevis i landbruket?

– Det har eg for lite kompetanse til å uttale meg om, fordi eg i utgangspunktet ikkje er ein landbruksmann. Men at det kan vera ynskjeleg, kan godt hende. Me som skule er der me ynskjer å vera, i positiv retning, fylt opp med elevar, pluss kursverksemd og drift av skulegarden.

Skal me slutte å drive distriktspolitikk, blir det skummelt i dette landet.

Samarbeid tvingar seg fram

SJH har mange deltidsstillingar, og fleire av lærarane nærmar seg pensjonsalder. Når det skal rekrutterast for åra framover, ynskjer skulen å tilby heiltidsstillingar, og må tenkja grundig over kva kompetanse som trengst.

– Unge lærarar har med seg ny kompetanse som er viktig å få inn i alle skular. Me må vere opne for å fornye oss.

– På kva område tenkjer du då?

– Eg håpar at tradisjonelt og økologisk landbruk blir flinkare til å samarbeide. Samarbeidet kan bli vesentleg betre, og det ligg potensial i det for landbruket. Eg kan bruka eit bilde frå industrien, der ein tradisjonelt har hatt mekanisk utdanning eller elektro-utdanning. Der ser me at fagområda sklir inn i kvarandre, og du treng begge delar. Eg trur dette òg vil skje innan landbruket, og at det må skje.

Mat på bordet

– Korleis bør norsk landbruk utvikle seg, sett på bakgrunn av den nye klimaplanen?

– Sidan eg er utan landbruksfagleg bakgrunn, skal eg vera forsiktig med å uttale meg.

– Ikkje som rektor, men som vanleg forbrukar, kva forventning har du til landbruket?

– Verdssituasjonen viser at me som nasjon må bli meir sjølvforsynt med mat. Koronasituasjonen og Brexit med kø på grenseovergangane viser at mange nasjonar kan hamne i trøbbel viss ein ikkje har eige landbruk og matproduksjon. Å ta vare på matjorda, det er kollegaene mine her på skulen opptekne av.

Øvstetun er uroleg for distrikta si framtid, dersom sentraliseringa held fram.

– Skal me slutte å drive distriktspolitikk, blir det skummelt i dette landet. Det er ikkje Noreg for meg, seier han.

Me har elevar som er kritiske og stiller spørsmål. Det er eg glad for.

Bli sett og verdsett

Årdalselevane, der Øvstetun til vanleg er rektor, er flinkast i fylket på å gjennomføre vidaregåande utdanning. Kva er hemmelegheita, som kan hende Aurland no også kan få del i?

– Å vere liten skule kan ha ulemper, men også store fordelar. Det blir eit tett forhold mellom elevar og lærarar, og mellom skule og lokalt næringsliv.

– Viss rektor skal ta noko av æra, kva har din innsats vore?

– Du skal ikkje snakke til elevane, men med dei. Det har eg alltid prøvd å gjere. Eg helsar på alle kvar dag. Det er viktig for alle å bli sett og verdsett.

– Kva er ditt mål for Sogn jord- og hagebruksskule dei neste fem åra?

– Me skal framleis ha elevar frå heile landet og frå utlandet. Me skal ha god skule, god gardsdrift og godt kurstilbod. Me skal tilby fagskuleutdanning i økologisk landbruk, og me ynskjer å framleis ha ei leiande rolle innan økologisk landbruk både på Vestlandet og i nasjonal samanheng. Det grøne skiftet hjelper oss, og me har elevar som er kritiske og stiller spørsmål. Det er eg glad for.

Stikkord denne saka: , ,