Endring: Sven Martin Håland meiner norsk landbruk er på veg mot ei systemendring i kjølvatnet av Bondeopprøret.
Kjempar for systemendring
Sven Martin Håland har blitt ein del av landbrukshistoria. Bondeopprøret har røska opp etablerte sanningar om bøndene si inntektsberekning med rota og talt makta midt i mot.
Sjur Håland
Mediemerksemda og støtta til opprørarane, også frå uventa hald, har vore overveldande. Nå tar Bondeopprøret landbruket sin inntektskamp inn i valkampen.
– Men eg må ha mat først. Etter påfyll av næring tenkjer eg klarare. Då er det lettare å vera analytisk og ha tankerekka med seg, seier Håland, og legg eit godt lag med smør og syltetøy på grovbrødskivene.
58.129 signaturar
Næring kan trengast. Håland har hatt ei våronn utan sidestykke. Saman med fire andre bønder står han bak Bondeopprøret. Sidan februar har 58.129 personar frå heile landet signert oppropet. Telefonen og datamaskinen til den travle bonden har vore i konstant bruk. I løpet av tre månadar har Bondeopprøret snudd opp ned på det meste av etablissementet kring jordbruksoppgjeret.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.