Soppangrep på korn: Mjøldogg.
Dei vanlegaste skadegjerarane i kornåkrane her på sørvestlandet er soppsjukdommen mjøldogg, ei knippe bladflekksjukdommar og insektet bladlus. Ved å kjenna til korleis skadegjerarane overlever og spreier seg kan du enklare setja inn rett tiltak til rett tid.
Turid Røysland Fitjar, NLR Rogaland
Mjøldogg er ein soppsjukdom me kjenner frå fleire kulturar. Me har årvisse angrep av mjøldogg på korn i vårt område. Sjukdommen er svært artsspesifikk, det vil seie at kvar kornart har sin eigen mjøldoggtype. Mjøldogg overlever berre på levande planter. Mjøldogg i kveite overlever på haustkveiten og kan gi tidlege angrep i vårkveite. Sidan det vert dyrka lite haustbygg i Noreg er truleg den største smittekjelda sporar som kjem med vinden frå Danmark og sør- Sverige i slutten av mai.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.