– Heilt klart eit dårleg kornår, fastslår Keilih Hagen Nyback, direktør for innkjøp og optimering hjå FKRA, i Bondevennen denne veka.
Prognosen syner nemleg ei total norsk kornavling på 66 prosent av fjorårets. Og det kornet me manglar til mat og fôr, må importerast. Importtilgangen er «grei» ifølgje direktøren, men ho legg til at marknaden har vore nervøs dei siste åra. Tørke og/eller flaum gjer at det er mindre matkorn både i Noreg og i Europa. Fordi dårleg matkorn kan omklassifiserast til fôr, er Hagen Nyback samla sett ikkje uroa over råvaretilgangen til kraftfôr. Heldigvis.
Men hell er ingen strategi i lengda. Spørsmåla kring korn- og kraftfôrsituasjonen i haust, minner i så måte om dei første månadane av pandemien, då tilgangen til vitamin K og B med eitt vart uviss. For, gjekk det opp for oss, det var jo berre Kina, på andre sida av kloden og nå nedstengd, som produserte desse heilt essensielle ingrediensane til norsk husdyrfôr. Utan dei ville presisjonsproduksjonen vår kunne gå i stå ganske raskt, med konsekvensar for både dyrehelse og mattryggleik.
Pandemien har fått statar og næringsliv til å innsjå kor viktig det kan vera å etablere produksjon av viktige varer eller lager litt nærmare heime. Til å vera meir føre var, til det smell igjen. Alt tyder på at det er ein klok strategi, anten det er snakk om klimarelatert uver, afrikansk svinepest eller handelsforstyrrande krig: Å førebu seg.
Nå er det alvor – Rustet for en usikker fremtid, heiter rapporten som Totalberedskapskommisjonen la fram i juni. Den ser på korleis dei samla beredskapsressursane her til lands kan nyttast best mogleg. Rapporten handlar om alt frå global spenning, via det norske vegnettet, til mat- og vassforsyning fram til kvar enkelt heim. Og den slår fast at behovet for å prioritera tryggleik og beredskap nå er stort.
Ordet «bønder» er nemnt éin gong i den 460 sider lange rapporten, men bonden er gjennomgåande relevant, om me les mellom linjene. Som matprodusent. Som distriktsinnbyggar med inngåande kjennskap til lokal natur og topografi. Som den første som mistenker sjukdom på dyret eller planten. Som mekanikar. Og som handlekraftig praktikar med Doffen fylt med vatn, i fall skogen tar fyr.
Høyringsfristen til Totalberedskapskommisjonens rapport er 15. oktober. Og ettersom beredskap gjeld oss alle, har alle høve til å spela inn det me meiner er viktig. Også bonden.
Bondevennen tar for gitt at rapporten blir diskutert, og høyringssvar formulert, på bondelagsmøte landet rundt. Så vel som i Mattilsynet, Veterinærinstituttet, i landbruksrådgivinga og i samvirka. Beredskap vedkjem bonden, både som privatperson, og som ei samfunnskritisk yrkesgruppe. Derfor bør du engasjere deg i høyringsrunden – sette deg inn i saka og meine noko om korleis beredskapen her til lands skal sjå ut i ei uroleg tid. Det er ingen andre som gjer det for deg. Og det er viktig. Plutseleg akutt viktig.
Les også vekas gardsreportasje, der Aud Halland Molvik, fruktbonde i eit regntungt Leikangar, seier følgjande:
– Akkurat no har vi tilgang til det vi treng, men historia har vist oss at ingenting er sikkert.