Me les berre veke tre av det nye året og likevel er kassa for investeringar og bedriftsutvikling hjå Innovasjon Norge nesten tom. Det gir både grunn til glede og kritiske spørsmål.
Dei såkalla IBU-midla er svært viktige for jordbruket. I mange tilfelle er dei utløysande for at bonden skal kunne realisera planane for bruket. Ikkje minst er dei viktige i samband med generasjonsskifte og dermed for rekruttering. Dei fleste nykomarar vil og må jo nytta nokre kroner på å oppgradera og gjera drifta til si eiga.
I Vestland, Rogaland og Agder er stoda no den same. Stor og lovande pågang av bønder som vil satsa; byggja ut eller nytt, eller utvikla tilleggsnæring. Men det er ikkje nok pengar til alle.
Søknadsbunkane er i tillegg prega av køen frå i fjor. Då tok midla slutt før sommaren. I år ser me botn i kassa fleire månader tidlegare. Det er urovekkjande, ikkje minst med tanke på forbodet mot båsfjøs, som kjem rundt svingen i 2034.
Brorparten av midlane i dei tre fylka går då også til omstilling i mjølkenæringa. Men når totalkassa likevel ikkje er større enn den er, risikerer me at andre produksjonar blir nedprioritert. Jordbruksoppgjeret i fjor øyremerkte 120 millionar kroner til frukt og grønt, men saue– og grisehus må også rustast for framtida.
I ei samfunnskritisk næring med stor og kontinuerleg avgang er det også avgjerande at ei kvar skikka bondespire som ønskjer å produsera mat, er trygg på at det er starthjelp å få. – Vi burde nytte dette pågangsmotet, før folk gir opp, både oppmodar og åtvarar Ole-Andreas Smette i IN Vestland i denne vekas Bondevennen. Det er me heilt samde med han i.
For dersom målet verkeleg er landbruk i heile landet, byrjar det å haste. I januar 2021 er dei fleste fjøs i Noreg båsfjøs. Styresmaktene kan ikkje halda fram med å løyva IBU-midlar, som om lausdriftskravet ikkje eksisterer. Det er eit politisk vedtak, og tida renn ut. Dagens løyvingar held ikkje, korkje for mjølkenæringa eller dei andre produksjonane.
Difor treng me friske midlar, helst over statsbudsjettet, slik at mjølkenæringaog alle dei andre næringane, kan gå 2034 i møte med framtidstru og pågangsmot.
Bothild Å. Nordsletten