bv50_leiar

Adventstid er ventetid, men ein del av spaninga før jul vart forløyst førre fredag då landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) omsider la fram stortingsmeldinga «Endring og utvikling- En fremtidsrettet jordbruksproduksjon».
Meir marknadsretting, konkurranse og effektivisering i landbruket er sentrale trekk ved meldinga. Ministeren vedgjekk likevel at han hadde spart på det mest liberalistiske krutet, og at framlegga i meldinga ikkje utgjer nokon revolusjon. Til dømes ynskjer Dale å avvikla marknadsreguleringa for egg og korn, men å halda på den for mjølk og kjøt. Eit positivt signal er elles satsing på utmarksbeite.


Ministerens solide fagkunnskap og trygge framtoning til trass, meldinga levnar lite tvil: Landbruket er peila inn på ein kurs i retning meir liberalisme, meir marknad og mindre politikk. Listhaug hadde hastverk. Dale skundar seg sakte. Skummelt er det, okke som.
Bondeorganisasjonane og landbrukspolitiske talsmenn hevdar den blå-blå kursen vil føre til sterkare sentralisering innan regionane og svekka samvirke. Dei var då heller ikkje seine med å omtala meldinga som eit massivt åtak på det norske landbruket og grunntankane det er tufta på.


Særleg er reaksjonane sterke på framlegget om å redusera talet på dagens mjølkekvoteregionar frå 19 til 10. Motstandarane viser til desse regionane som sjølve bærebjelkane for distrikts- og kombinasjonsjordbruket. Dei meiner framlegget vil føra til meir sentralisering og undergraving av målet om matproduksjon i heile landet, då meir jord vil kunna gå ut av bruk viss kvotane blir selde ut av distrikta.
Framlegget om å avvikla den samvirkebaserte marknadsreguleringa for korn og egg, geitemjølk, eple og potet, blir likeeins kritisert for å truga tryggleiken og dei førutseielege tilhøva som bønder treng for å produsera mat i alle deler av landet. Bondelaget meiner regjeringa med det svekker bondens posisjon i verdikjeden for mat og gir endå meir makt til kjedane.


Den umiddelbare kritikken mot landbruksmeldinga er neppe uttrykk for eit landbruk som ikkje kan eller vil endra seg. Heller, som fleire alt har peikt på, tykkjest meldinga å skissera svar på spørsmål som næringa ikkje sjølv har stilt. Særleg tydeleg er dette i saka om overføring av regulatoransvaret for korn frå det Norske Felleskjøp til Landbruksdirektoratet. Dale vonar no at meldinga går gjennom Stortinget og blir vedtatt alt før jordbruksforhandlingane til våren – og før stortingsvalet. KrF og Venstre lovar kamp mot fleire av framlegga. Keisamt blir det neppe.


I det julefreden blir heva på nyåret vil oppgåvene stå i kø. Dei som ynskjer å rusta norsk landbruk for framtida må kjempa for å stoppa dei minst heldige framlegga til Dale og syte for at resultatet av stortingshandsaminga blir ei melding med så langsiktige og føreseielege ramar som mogleg. Vidare må bønder i dei feitaste områda på Jæren, Austlandet og Trøndelag visa høglydt solidaritet med dei små -og mellomstore distriktsbøndene, som har mest å tapa på auka sentralisering. Deira eksistens bidreg som kjent til å styrka legitimiteten til dei ordningane som alle nyt godt av. Sist, men ikkje minst, bør det tenkast nytt om kommunikasjon. Språket i landbruksmeldinga er tung materie for dei særskilt innvigde. Berre dersom folk forstår kva som står på spel, kan dei danna seg informerte meiningar om landbruket, som i sin tur kan bli konverter til politisk mynt, til fordel for næringa.
Inntil dess, god jul!


Bothild Å. Nordsletten