Våronn i absurditetane si tid

Sjur Håland
Me treng ikkje gni det inn. Den globale politiske situasjonen er absurd. Dei store overskriftene i nyhendemedia kan for tida få den sterkaste sjela til å få skjelven berre av synet av sin eigen skugge. Ukraina er framleis under åtak. Utspela frå den tilsynelatande historielause og hovdalause milliardærklubben som styrer supermakta på andre sida av Atlanterhavet, er til tider, eller helst stabilt, hårreisande. Dei demokratiske berebjelkane som har sikra fred og stabilitet i Vesten dei siste 80 åra kan synest å vilja bresta kva tid som helst. Generasjonane som har hatt krigens redsler i ryggmargen, sit, naturleg nok, ikkje lenger ved roret. Nå vert det til tider spelt stormaktsmonopol med sjølve sivilisasjonen som innsats.
Nyttelaust? Håplaust? Langt i frå. Og me veit at Bondevennens lesarar gjer det einaste rette i vekene som kjem. Slik dei har gjort i vêr og uvêr i dei 128 åra bladet har kome ut. Bygger matberedskap og førebur seg til våronna!
Nå skal ikkje Bondevennen verken romantisera eller mista bakkekontakten. Men det er faktisk slik at lukta av vår og den sitrande kjensla av meining og mot bonden får når ho eller han set seg på huk og stikk nevane ned i vårvarm, nyharva mold, er avgjerande for oss andre som skal finna og kjøpa ost og svinekotelettar i butikken.
Motiverte bønder som sår og plantar har vore livbergande til alle tider. Nå skjer det så mykje at me neppe dreg det for langt når me hevdar at den føreståande våronna i beredskapssamanheng knapt har vore viktigare enn på mange tiår.
Godt då å registrera at bøndene er i gang. Enkelte har nytta frostperiodane til vedlikehaldsgrøfting og kalking. Andre har transportert husdyrgjødsel mellom lagera og prioritert ettersyn og vedlikehald av reiskapsparken mellom øktene i fjøset eller i ledige stunder i helgene.
Vekene fyk, og sjølv om påsken er sein i år, kan årets vakraste og stridaste onn vera over oss før me veit ordet av det. Me får tilbakemeldingar på at det er lite grovfôr att å få kjøpt for dei som treng påfyll. Grovfôrprisane er høge her i Sør-Vest nett nå. Dette er ei påminning og ein motivasjon til å leggje til rette for optimal plantetrivsel og høge avlingar i den komande vekstsesongen.
Avling og gjødsling heng i hop. Me har dei siste åra blitt vane med varierande mineralgjødselprisar grunna den urolege energimarknaden i Europa. Å følgja med på gjødselprisane og søkja råd om rett kjøpetidspunkt tilpassa drift og økonomi, er vel anvendt tid. Når du les denne teksten er alt viktige prisjusteringar oppover gjennomført. Men det kan vera lurt å ha i mente at gjødselprisane igjen vil vera på det lågaste i juli. Då går etterspørselen ned som følgje av at dei store jordbrukslanda i Europa er ferdige med si gjødsling.
Ei anna påminning kjem etter meldingar om tilfelle av listeriose hjå sau denne vinteren. Den alvorlege sjukdommen kjem truleg som følgje av restar av jord i fôret i kombinasjon med dårleg silokvalitet. Nok ein motivasjon relatert til våronn, jamn overflate, god drenering og redusert jordpakking.
Ein ting står att å nemna: Vêret. Det kan ikkje ein gong stormaktene styra med. Takk og pris for det!
DEI SISTE LEIARANE:

Meir medvind for mjølka
Mjølk tar av om dagen. Råvareprisen stig og bøndene svarer så til gagns på suget etter meir av det kvite gullet: I fjor vaks produksjonen med 76 millionar liter – den største auken på over 25 år, ifølgje Nationen.

Forhandlingsinstituttet er ikkje ferdig
– Eg ser føre meg at årets jordbruksoppgjer skal bli eit svært godt jordbruksoppgjer.

Forbrukarvinden snur
«Mat må vi ha», sa statsminister Jonas Gahr Støre, då han nyleg var innom FKRA sin kraftfôrfabrikk og fekk med seg ein pakke frukostblanding til å setja på kjøkkenbenken heime i statsministerbustaden.