Samfunnet er prega av endringar og ekstreme krav til omstilling. Vår felles pengemaskin, oljeindustrien, vaklar. I ei ikkje altfor fjern framtid må det finnast alternativ til olja. Frykta konsekvensar av klimaendringar har vekt politikarane, dei leitar etter grep, som nok blir synlege i dei kommande statsbudsjetta.
– Klimakrisa skal løysast med ny teknologi, blir det sagt. Framtidsindustrien ligg i miljøteknologi. Dei statane og bedriftene som maktar omstillinga er på vinnarlaget.
Innafor landbruket skjer også endringane fort om dagen, ikkje minst i landa rundt oss. Dei største endringsdrivarane er avregulering, frihandelsavtalar, teknologiutvikling og fri tilgang til arbeidskraft. Det vi upresist kallar berekraftig utvikling og forbrukarhaldningar, vil påverke utviklinga, og kan bli ei motkraft til liberalisering, fri konkurranse og einsidig fokus på bedriftsøkonomi.
Kvoteregulering av mjølkeproduksjonen blir historie i EU-landa frå april 2015. Allereie nå ser vi at mjølkeprisane i EU fell og mjølkebønder hopetal legg ned. Avisa, The Guardian, skriv at mjølkeprisane i England nå er lågare enn kva det kostar å produsere. Det er snakk om utvikling av gigantbruk etter modell frå USA. Innandørsanlegg med plass til 6-8.000 kyr.
Effektiviseringa vil tvinge bøndene til å skalere opp. Mange EU-land med stor mjølkeproduksjon er klare for å gi gass når kvoteordninga fell. Ein utfordrande situasjon for svært mange EU-bønder, når vi veit at gjennomsnittsbuskapen for heile EU-området er 16 kyr, 10 kyr lågare enn i Norge. Er det grunn til å ha ein beredskap for å hindra at norske styresmakter gir det same frisleppet? Vi veit at avregulering står høgt på den politiske agendaen i den norske regjeringa.
Det er ingen hemmeligheitat norsk jord- og hagebruk er heilt avhengig av handelsskjerming. Siste ord er ikkje sagt om tollskjerming via EØS-avtalen, og endå meir utfordrande kan utfallet av ein ny WTOavtale verta.
Kva med ein mogeleg ny transatlantiske handels- og investeringsavtale mellom EU og USA? Avtalen vil kunne bli verdas største frihandelsavtale og femne om 30 prosent av verdshandelen.
Det store grepet er frihandel med tollfjerning. Avtalen handlar om millionar av arbeidsplasser, økonomisk framgang og endå sterkare drivkraft for velstand, er politiske argument som blir brukt av frihandelsforkjemparane. Har Norge råd til å plassere seg utafor ein slik avtale? Når oljeepoken er over, blir marknadstilgang endå viktigare. Blir landbruket ofra for landets økonomiske interesser, eller er det politisk vilje til å forhandla fram særordningar for nasjonal landbrukspolitikk når nye handelsavtalar skal formast ut?
Klimakrisa skal løysast med teknologi. Det spørs om ikkje dette er ei delsanning. Ein global struktur som bygger på fri flyt av varer, tenester og kapital er krevjande for både miljøet og menneska, men eit nyttig grep for pengemakta.
Igjen er det relevant å trekke fram bygdeforskaren Reidar Almås. I eit føredrag under Bjerkreimsmarken understreka han følgjande: Berekraft handlar om økonomi, økologi og sosiale tilhøve. I utviklinga av framtidssamfunnet er poenget å balansere fleire verdiar samstundes. Her er nasjonal matproduksjon ein del av løysinga.
Eirik Stople