Utan draum, ingen plan
Bothild Å. Nordsletten
Tenk om entusiasmen og ambisjonsnivået for norsk jordbruk var like sprudlande som arbeidet for å ruste opp Øksnevad vgs (sjå artikkel s. 8 i BV 9)!
Utgangspunktet til jordbruket, og til skulen med agronomlinje på Jæren, har klare fellestrekk. Båe slit. Jordbruket med økonomien. Båe med rekrutteringa. Båe treng store investeringar og kontinuerleg fagleg oppdatering. Båe står innfor eksistensielle vegval.
Men der Øksnevad idémyldrar moglegheitene – som nytt fjøs og eige biogassanlegg – krympa nyleg den politiske handsaminga av Stortingsmelding 11, om auka sjølvforsyning – og bondeinntekt, til ein krangel om timetal.
Arbeidstimar, normeringskrav og avkasting på eigenkapital er sjølvsagt viktig. Men folk flest – dei som tar for gitt at maten alltid er å finna i butikken – skal vera tilgjevne om dei undervegs tapte den høgare himmelen or synet. Den, der Noreg, i relieff mot villare ver, krig og uthola tollvern, er så lite og sårbart. Der sjølvbergingsgraden er under 40 prosent, og der dei få som kan produsera maten gir seg i hundretals kvart år.
Det er sjølvsagt meir komplekst å forma jordbrukspolitikk og anna nasjonal politikk enn det er å styra ein fylkeskommunal skule. Men måten Øksnevad planlegg framtida si på, openberrar ein viktig, men ofte undervurdert motor for inspirasjon, motivasjon og retning.
Etter ei mengd innspel frå eigne elevar, samt regionale landbruks- og skuleaktørar som vil Øksnevad vel, er skulen nå i gang med å teikna eit draumebilete av korleis framtida skal sjå ut. Av korleis -, i kva lokalar – og med kva utstyr, undervisninga skal føregå. Av kva plass ein ønskjer at skulen skal ta i det rogalandske matfatet, det regionale næringslivet – og i Jordbruks-Noreg. Så, når draumen er klar, skal det sjølvsagt leggast ein plan for å realisera den.
Og kvifor ikkje? Utan draumar og framtidsbilete like konkrete som dei reklamen og eigedomsmeklarane brukar, korleis kan me vita kor me vil, og korleis me når dit?
Behovet for klare visjonar er like stort for Øksnevad, som det er for jordbrukspolitikken, eller, sei, klimapolitikken. For korleis ser eit Noreg som er 50 prosent sjølvberga eigentleg ut? Skal alle bønder vera med, eller berre dei mest effektive? Skal me halda på å bygga stort til husdyr på Jæren, eller heller dyrka meir grønsaker i den gode jorda? Korleis ser kvardagen ut i eit Noreg som har kutta 95 prosent av klimautsleppa? Det er jo der me skal vera om 26 kjappe år, i 2050.
Anar me korleis me fotar oss fram dit?
Det er ikkje berre lov å drøyma. Det er må å drøyma.
Tal og prosentar, klimakutt-, kvotar- og kalkulatorar må me ha, men særleg medrivande er dei ikkje. Delte draumar for kor me vil, derimot, skapar engasjement, eigarskap og ansvar. Både nasjonalt, lokalt og på gardsnivå. Vågar me å realisera dei, hugsar me òg at «utvikling» ikkje er noko som berre skjer, men noko me kan styre sjølve. På Øksnevad, i Rogaland eller kor som helst. Av den erkjenninga følgjer det òg ei kjensle av kontroll og av meining. Og det er god medisin i ei uroleg tid.