Ei arbeidsgruppe med brei deltaking frå fleire departement og faglaga har nyleg lagt fram ein rapport om tydelegare distriktsprofil på verkemidla i jordbruksavtalen. Bakgrunn og mandat for gruppa er forankra i stortingsmeldinga om Landbruks- og matpolitikken og i jordbruksoppgjeret i 2012 der ein uttrykte uro over nedgangen i jordbruksaktiviteten i mange distrikt, mellom anna i deler av Agder fylka / Telemark og i kyst- og fjordstrøka på Vestlandet.
Rapporten er som landbrukspolitikken, svært kompleks og vanskeleg å trenga inn i. Gruppa har då helle ikkje makta å einast om klare tilrådingar, men har kome opp med mange idear som innspel til jordbruksforhandlingane. Eit avgjerande punkt er om styresmaktene er villige til å skyta inn friske midlar for å styrka distriktsprofilen, om ikkje vil styrka distriktsprofil føra til ei omfordeling av virkemidla frå sentrale strok til distrikta. Det siste går faglaga imot, og hevdar at det vil svekka målsettinga i Landbruksmeldinga om auka matproduksjon i landet.
Mjølkeproduksjonen, den viktigaste produksjonen for å halda oppe landbruket i distrikta, har allereie ein sterk distrikts- og strukturprofil på tilskota. Dette er dokumentert i rapporten, i ein kalkyle som syner tilskot i mjølkeproduksjonen for ulike distrikt, sjå tabell under. Tal frå Budsjettnemnda syner at vederlag for arbeid og eigenkapital per årsverk for dei same regionane, for åra 2008 – 2010, var slik; Agder/Rogaland, Jæren 259 089 kroner, Vestlandet 200 588 kroner, Nord Norge 233 089 kroner. Den sterke distriktsprofilen som er synt i tabellen gir ikkje full økonomisk kompensasjon. Ein bør merka seg at det ligg ein vesentleg høgare produksjon bak eitt årsverk på Jæren enn t.d. i Finnmark.
I ein kommentar til rapporten uttrykker forskar Klaus Mittenzwei, i NILF, at den mellom anna synleggjer den struktur- og distriktsdifferensieringa for tilskot som allereie ligg inne i dagens jordbruksavtale, særleg for dei grovfôrbaserte produksjonane. Vidare meiner han at kvoteordninga i mjølkeproduksjonen er vesentleg for å halda oppe mjølkeproduksjonen i distrikta. Oppheving av kvoteordninga ville, i følgje Mittenzwei, ført til ein ytterlegare sentralisering av mjølkeproduksjonen.
Det er dei grovfôrbaserte produksjonane som er analyserte og drøfta i rapporten. Dei kraftfôrbaserte produksjonane har langt mindre tilskot, men også desse tilskota har ein distriktsprofil.
VI DELER FAGLAGA SI HALDNING til at ein ytterlegare styrking av distriktsprofilen i jordbruksavtalen vil krevja at det kjem inn friske midlar til dette føremålet. Den store nedleggingstakta av bruk kan ikkje halda fram. Samstundes er vi avhengige av eit sterkt jordbruk i dei beste områda, både for å sikra matforsyninga og for å kunna ha eit økonomisk robust jordbruk og foredlingsindustri. Slik sett bør det uroa arbeidsgruppa at lønsemda i kornproduksjonen, på austlandsbruk mindre enn 400 dekar, etter tal frå Budsjettnemnda har gått ned frå 109 185 kroner per årsverk til 56 561 kroner per årsverk i perioden 2001 – 2010. Eit berekraftig norsk jordbruk er avhengig av at vi i størst mogeleg grad er sjølvforsynte med korn til kraftfôrproduksjonen.
ELLES VIL VI STREKA UNDER at det er mange faktorar, i tillegg til tilskot, som er avgjerande for vidare utvikling av jordbruket både i distrikta og i sentrale strok. Vi må ikkje undervurdera faktorar som fagmiljø, investeringsvilje, teknologisk utvikling og ikkje minst rekruttering til jordbruket i konkurranse med ein høgtløna arbeidsmarknad. Ingen er tent med å svekka dei områda som syner utviklingskraft.
Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no