image description

Mjølkeproduksjonen er den viktigaste driftsgreina i landbruket, målt på sysselsetting og verdiskaping. Produksjonen blir i mange samanhengar trekt fram som sjølve berebjelken i landbruket. Det er innfor mjølkeproduksjonen vi finn dei fleste fulltidsbøndene, og produksjonen er framleis ei viktig næring for distrikta.

Historia om produksjonsrettar er kjent. Overproduksjonen, etter den store opptrappinga på 1970-talet, blei møtt med innføring av kvoteordning og produksjonsstyring etter forholdstal, frå 1983. 20 år i jerngrep blei valt framfor ein øydeleggande overproduksjon. Mange la likevel ned mjølkeproduksjonen, men kvoteordninga og fall i marknaden for mjølk blokkerte for strukturendringar.

Tidleg på 2000-talet kom omslaget. Grepet var omsettelege kvotar, innføring av nye kvotetak for enkeltbruk og samdrifter, samstundes som næringa hadde kontroll på totalproduksjonen.

Omsettelege kvotar, ny teknologi, billeg kraftfôr og fri flyt av arbeidskraft over landegrensene var vilkåra for strukturendringa. Det utvikla seg raskt ei haldning blant rådgivarar, forvalting og mjølkeprodusentar om at ”jo større jo betre”. Den første utbyggingsbølga av nye fjøs blei prega av denne tenkinga. Vi fekk omgrepet; dekk og diesel landbruket.

I 2014 gav styresmaktene ein ny omdreiing for endring, ved å heva kvotetaket for alle mjølkeproduksjonsbruk til 900.0000 liter og samstundes endre privat del av kvotesal frå 50 til 80 prosent. Argumentasjonen om å legge til rette for å utnytte ledig kapasitet, har synt seg å vera rett.

Resultatet er kjent. Vi ser nå ein langt større etterspurnad enn tilbod  for kjøp og leige av mjølkekvote. Mjølkeprodusentane står i kø for å kjøpe kvote til ti kroner per liter, eller over ei krone for å leige kvote.
Situasjonen kan tolkast både positivt og negativt. Den indikerer ei framtidstru på jordbruk og mjølkeproduksjon. Men biletet er meir nyansert. Kven er det som har råd til å kjøpe/leige kvote og kven er det som nyt godt av dei høge prisane?

For å ta det siste først. At det ofte er den passive bonden som har ei betydeleg økonomisk avkasting av ein produksjonsrett som den aktive bonden må betale for, er ei utfordring for næringa.

Det andre spørsmålet blir, kven har råd til å betale for kjøp/leige av mjølkekvote med dagens prisnivå?
– Dei som har ledig produksjonskapasitet og dei veletablerte, fortel rådgjevarane.
Svært mange mjølkeprodusentar står framfor ei utbygging om næringa skal kunne imøtekomme lausdriftskravet frå 2024. Når skyhøg betaling for retten til å produsere og utgifter til jordleige, kjem på toppen av investering i bygning, buskap og maskiner, får dei ei utfordring. Difor trugar betaling for produksjonsrettar, på det nivået vi har nå, fornyinga av mjølkeproduksjonen i landbruket.

– Bondelaget er bekymra for utviklinga, men ser ikkje alternativet, seier leiar i Rogaland Bondelag, Ole Andreas Byrkjedal.

Dagens ordning er genial ved at den hindrar overproduksjon og samstundes gir rom for strukturutvikling, men den har ein høg pris.

 

Eirik Stople