NO KAN DU kjøpe krigskarbonadar på Rema 1000. Dei aller eldste lesarane av Bondevennen har truleg ete erstatningskarbonadar innehaldande poteter, lauk, egg og havregryn. Vegetare erstatningar er ikkje noko nytt her til lands. Under siste verdskrigen var fantasien og kreativiteten stor blant ei befolkning som streva med rasjoneringskort og mangel på det meste, deriblant kjøt.
Også i tider med våpenstillstand og matvareoverskot skjer det rare ting. Førre veke lanserte Nortura fem vegetare alternativ til tradisjonelle kjøtvarer gjennom produktserien med det ikkje akkurat heilnorske namnet Meatish. Medan trendy forbrukarar legg kjøtfri deig, bollar, nuggets og burgerar i handlekorgene, står bønder med støvlane godt planta på grovfôrdyrka mark, klør ammekua fråverande i nakkegropa med nervøse fingrar og undrar på om det er greitt at verksemda dei eig produserer kjøtfrie substitutt basert på Prior-egg og USA-soya.
DEBATTEN PÅ SOSIALE mediar har kokt. Det er ikkje så rart. Bønder som dyrkar gras og produserer kjøt fryktar for eksistensgrunnlaget sitt på litt sikt. For kjøtfrie dagar har blitt eit meir vanleg omgrep hjå forbrukarane. Særleg dei yngste har ei medviten førestilling om at kjøtforbruket bør reduserast av både miljø- og helseomsyn. Grønt og helse høyrer saman, medan næringsrikt kjøt blir skvisa lenger vekk frå helsekostkategorien. Jusen har blitt brukt som sløkkemiddel for å få ned varmen i debatten.
Samanlikninga med Bergensmeieriet som i si tid starta produksjon av kvalitetsjus samstundes med at det vart tappa mjølk på kartong, er ikkje så tåpeleg. Bøndene sine verksemder skal vera vakne marknadsaktørar og kunna komplettera vareutvalet etter kundane sine behov.
Nortura lenar seg framover og bevegar seg ut over kjerneverksemda med sin matkompetanse. Det er bra. Ingen kan skulda verksemda for å vera sidrumpa og konservativ. Vegetargrepet til slakteriverksemda kan såleis oppfattast positivt og verdi- og merkevarebyggande for både Nortura og eigarane.
DET STORE SPØRSMÅLET, som ingen kan svara på, er kor vegetartrenden kjem til å enda. Det er heilt legitimt å vera uroleg, og det er lite tvil om at dei som står føre ei tung og langsiktig investering med base i kjøtproduksjon og grasressursane på garden, går ein runde til med seg sjølv før kontrakten og lånepapira blir signert. Å spå framtida er umogleg. Å seia at vegetartrenden og endra haldningar til kjøt er døgnfluger, er lite klokt. Vi må erkjenna at matmangfaldet blir større og at ny teknologi kjem til å endra forbrukarane sine matvanar framover. Auka kunnskap vil auka merksemda mot dei sunnaste matslaga. Vi vil få meir mat frå havet og meir grønt direkte frå åkrane i butikkane i åra som kjem. Dermed blir det ikkje mindre viktig å halda trykket oppe for å syna at også norskprodusert kortreist kjøt frå friske dyr høyrer naturleg til blant dei sunne matvarene. Vegetartrenden og dei unge og trendy forbrukarane er velkomne. Kor stor plass dei kjøtfrie pølsene etter kvart vil få på grillen står att å sjå. Men om vi løfter oss opp frå grasrota og ser på behovet for næringsrik mat, inkludert kjøt, i åra som kjem, er det liten grunn å frykta at matjorda her i sørvest, som er best eigna til gras, blir overflødig.
DET BLIR MED dei vegetare alternativa som med jusen i matbutikkane. Dei får sin naturlege plass. Kor stor hylleplassen blir attmed dei tradisjonelle kjøtvarane, står att å sjå. At Nortura ikkje synar teikn på blodmangel og har posisjonert seg i hyllene, er uansett eit framtidsretta sunnheitsteikn.
Sjur Håland