Når Tines årsmøteutsendingar møtest digitalt i april, er det som representantar for ei stadig meir eksklusiv næring. Ifølgje SSB var det i fjor 7150 mjølkebruk att her i landet. Nedgangen på 38 prosent berre dei siste ti åra er også raskare enn det mange frykta. Ennå færre blir det dersom lausdriftskravet blir innført utan ei investeringspakke til mindre bruk.
Når mjølkebruka blir færre får det følgjer for sjølvforsyning, kulturlandskap og landbruk i heile landet. Men det handlar også om krafta i den velfungerande norske samvirketradisjonen. For kva skjer med samvirket, for ikkje å snakka om samvirkedemokratiet, når eigarane blir stadig færre, og travlare?
I desse dagar skal årsmøteutsendingane i Tine få tilsendt styreforslag til ny strategi for eigarorganisasjonen. Forslaget dannar grunnlag for styret si innstilling til vedtektsendringar under årsmøtet. Målet er ein framtidsretta, effektiv og samlande eigarorganisasjon, heiter det.
Ordet «reduksjon» går igjen. Styret føreslår mellom anna å redusera talet på styremedlemmer frå 14 til 11, kor fire av medlemmane er vald blant dei tilsette. Vidare vil dei kutta rådet frå 24 til 16 medlemmer, samt innføra eit makstal på tre personar i arbeidsutvala i produsentlaga. Også kontrollkomiteen står i fare for å bli historie.
Tine har ambisjonar om å utvikla ein sterkare og meir aktiv eigarorganisasjon, les me på medlem.tine.no. Dei tillitsvalde skal ha «kompetanse og kapasitet til å gi retning og merverdi til konsernet». Og meierisamvirket legg vekt på «hastighet», altså på å «greie å involvere og forankre i en verden som stadig går raskere».
Ingenting ville vore betre enn om Tine lukkast. Men det må vera lov å spørja korleis ein reduksjon i talet på representantar i maktorgan, frå produsentlaget på grasrota, via rådet, og heilt til topps i konsernet, skal styrka eigarskapet og demokratiet.
Styreleiar Marit Haugen hevdar med rette at velfungerande produsentlag er sjølve grunnfjellet i god eigarstyring. Men er det gitt at arbeidsgruppene i produsentlaga blir sterkare av å kuttast frå fem til tre medlemmer? Avstanden til konsernleiinga kan kjennast lang nok som det er, om ein ikkje i tillegg skal vera ennå færre om å ta ordet. Færre tillitsverv byggjer i verste fall også ned organisasjonen, då «basen» blir mindre av dei som får prøva seg og får skaffa seg viktig organisasjonserfaring.
Tine skulle ha diskutert endringar i eigarorganisasjonen under årsmøtet i fjor. Då vart saka utsett fordi den digitale møteforma ikkje ga gode nok rammer for brei debatt. At den same digitale plattforma plutseleg tilfredsstiller denne viktige føresetnaden i år, er til å undrast over.
Me vil så gjerne tru at me vinn noko på å rasjonalisera og effektivisera. Kan hende gjer me det. Samstundes er det viktig å diskutera kva me risikerer å mista. Debatten i Tine, så vel som i dei andre samvirka, gjekk meir høglydt før, den gong grasrota engasjerte seg og hadde ein tydeleg stemme.
Bondevennen har førebels målt liten temperatur rundt eigarskapsstrategien til meierisamvirket. Det i seg sjølv er urovekkjande. Har Tine blitt ein organisasjon for dei spesielt interesserte?
Bothild Å. Nordsletten