Bv38_leiar

DET SOM NOKRE FRYKTA og mange ønskte, blei ein realitet. Det blir ei Høgre-dominert regjering. Landbrukspressa, faglaga og landbruksorganisasjonane brukte i forkant av valet mykje spalteplass på å klargjera konsekvensane av dei ulike partia sin landbrukspolitikk. Folket har talt, no er det tid for å bla om, sjå framover og bygge alliansar med dei som skal ta over styringa.

LANDBRUKET MÅ VINNA FORSTÅING for at næringa over tid treng stabilitet med føreseielege rammevilkår. Det blir yttarst krevjande om landbruket skal leva i eit 4-årig pendeltilvære, med krav om tilpassing til den politiske vindretninga som til ei kvar tid rår. Dei ulike makthavarane må ha respekt for at sikker matproduksjonen krev lange tidsliner, både for å halda oppe produksjonskapasitet og produksjonskunnskap. Ein kan ikkje venta et at ungdom vil satse ei framtid i jordbruket på eit tilfeldig og usikkert økonomisk grunnlag.

NOKRE LENER SEG TIL KrF som ein reddande engel i den firkløveren som no set seg til forhandlingsbordet, og minner KrF på utsegn frå valkampen som at “landbruket og omsyn til norsk matproduksjon er ikkje til sals”. Om Venstre hadde innteke eit tradisjonelt sentrumsstandpunkt i landbrukspolitikken, kunne dei to partia sett makt bak orda ved å vera i ein vippeposisjon. Åleine er det utfordrane for KrF å påvirke landbrukspolitikken i ønskt retning.

DET HANDLAR MEST OM å gi økonomiske gode vilkår for matproduksjon, og å sikre produksjonsgrunnlaget. Tollvern, statsbudsjett, konsesjons-/kvoteordningar og jordvern er sentrale stikkord. I tillegg må vi halda fram den indirekte verknaden av landbruket som distriktsberande næring, tenesteytar for by- og bygdefolk og eit viktig grunnlag for turistnæringa. Mykje meir kunne vore lagt til argumentasjonsrekka for å halde oppe jordbruket.

VI MÅ VERA ÆRLEGE PÅ at norsk landbruk har vore i ein samanhengande nedleggings- og endringsprosess, også under det raudgrøne regimet. Klare målsettingar i ny landbruks- og matmelding med mål om auka matproduksjon på norske ressursar, kombinert med styrka tollvern og eit solid jordbruksoppgjer var likevel medverkande til kjensla av å vera på rett spor – og ditto uro over andre signal frå nye makthavarar.

ENDRINGANE i norsk jordbruk er også eit resultat av teknologisk utvikling og ei utviklingsorientert næring. Så langt har volumproduksjon i stor grad makta å kompensere for nedgangen i tal produksjonseiningar. Landbruket vil også i framtida vera endringsorientert, med ulikt syn på kva som er ei “rett” utvikling. Vi ser spor av nye trendar, både i måten delar av maten blir produsert og omsett på.

NO LIGG UTFORDRINGA i å bygge ei felles plattform for norsk matproduksjon, søke samarbeid og vinne forståing hos dei nye makthavarane og folk flest om kva som må til for å halde oppe og helst auke matproduksjonen på eigne ressursar.

Eirik Stople