Bv39_leiar

Få, om nokon anna næring har ein så stor horde av meiningsberarar innafor og utafor eiga næring som jordbruket. Korleis skal jordbruket organiserast og korleis skal maten produserast? Matproduksjon er politikk. Mat og miljø er på dagsorden, alltid. Jordbruket er oppe til eksamen kvar dag, når forbrukarane gjer sine val i butikkane eller når folk samlast rundt middagsbordet.

Klimagassutslepp, berekraft, økologi, det grøne skiftet, struktur, dyre­velferd, rovdyrpolitikk, trygg mat, jordvern med meir, er døme på verdi­lada begrep og politikkområde som alle har sine talsmenn og talskvinner. Kvar for seg og i flokk gjer dei krav på å representera sanninga.
Det er bra. Vi lever i eit demokrati der tanke og meiningsytring er fri. Vi heiar på den frie tanken, som ­ikkje tek ei sanning for ei sanning, men gjer sine eigne vurderingar og stiller kritiske spørsmål til makta, politikken og det etablerte.

Den frie tanken tek gjerne utgangspunkt i eige verdigrunnlag, og utviklar haldningar og politikk ut frå det. Difor har vi ei høgreside, eit sentrum og ei venstreside i politikken, eit bondelag og eit småbrukarlag, politiske ønske om meir regulering eller avregulering, ønske om frihandel ­eller tollmurar.
Vi likar å tru at jordbruk er landet si viktigaste næring. Ei tru ikkje alle deler. Mat kan importerast. Men om vi teiknar det store biletet, er truleg dei fleste samde om at matproduksjon er grunnlaget for vår sivilisasjon. Så viktig er jordbruket. Jordbruket er irriterande viktig. Difor denne horde av meiningsberarar.

Meiningsmålingar viser at eit stort fleirtal av det norske folk sluttar opp om jordbruket, slik vi kjenner det i dag. Styresmaktene har ansvar for mattryggleiken til det norske folk. Norsk matproduksjon blir vurdert å vera så viktig at samfunnet held seg med eit eige Landbruks– og matdepartement, landbruksdirektorat, forsking og utdanning, statlege tilsyn, landbruksforvalting på fylkes- og kommunenivå, jordbruksavtale, importskjerming og ei betydeleg næringsstøtte. Med andre ord har Norge, som andre ansvarlege nasjonar, rigga seg med sin eigen landbrukspolitikk.

Innafor denne ramma opererer bonden. Handlingsrommet ligg i skjeringspunktet mellom å driva innafor ein finmaska landbrukspolitikk og som sjølvstendig næringsdrivande. Bonden har også noko så sjølvsagt som retten til den frie tanken. Han eller ho må ta sjølvstendige val innafor dei ressursane og rammene dei disponerer. Bonden er den viktigaste aktøren i det store samfunnsoppdraget for å sikra matryggleiken til folket.

Etter tre år med ei regjering som dreg i retning av ein liberal landbrukspolitikk gjer vi nokre interessante observasjonar. Det er bygge­boom i landbruket om dagen, ein indikator på optimisme og framtidstru. Ønsket om investeringsstøtte er langt større enn offentlege løyvingar.
På kort sikt er ein gryande overproduksjon ei større utfordring enn manglande produksjonskapasitet i landbruket. Truleg er det berre regulering og gode marknadsordningar som kan hindra ubalanse og kollaps i marknaden. Mangel på ulike fôr­middel blir enkelt løyst med import.

Vi har lenge åtvara mot uheldige utslag av strukturutviklinga. Retninga med ein endestasjon tilsvarande danske tilstandar uroar. Endar vi til slutt opp med at storkapital og tilsette utan eigedomsrett tek over der det sjølveigande småskala familiejordbruket sluttar? Politikarane som utmeislar landbrukspolitikken bør støtta seg til kunnskapsbasert analyse, som fagartikkelen i frå Agri Analyse, i dette bladet, om blinkande raude lampar for distriktsjordbruket.

Analysen bygger på faktagrunnlag, men den har også i seg verdibaserte meiningar som treng å brytast mot andre synspunkt. Tanken er fri.

Eirik Stople