I DET BONDEVENNEN hamnar i postkassen denne veka, går årets jordbruksforhandlingar truleg mot slutten. To dryge vårveker med hardt arbeid og spaning blir, eller har alt blitt, avløyst av avtale eller brot.
HOVUDMÅLET for jordbruksforhandlingane mellom landbruket og staten er å bli samde om ei avtale som syter for at måla Stortinget har fastsett for norsk matproduksjon, vert oppfylt. Jordbruksoppgjeret er først og framst eit inntektsoppgjer, men det handlar også om store samfunnsspørsmål som korleis maten blir produsert, distriktspolitikk, sysselsetting og verdiskaping.
OPPGJERET ER RAME ALVOR for bøndene, men prosessen har byrja å likna ein karikatur av seg sjølv. Lat gå for hemmeleghaldet, den overtydelege andletsmimikken, dei kryptiske fagorda og talmagien. Alle typar forhandlingar inneber litt teater. Derimot blir det mest parodisk når avstanden mellom landbruket sitt krav og staten sitt tilbod år etter år er så stor.
DET VITNAR OM to oppsiktsvekkjande ulike oppfatningar av landbrukets kår, når bøndene i år kravde 1450 millionar kroner og staten tilbaud dei over enn éin milliard mindre, skarve 410 millionar. Ikkje var bondeorganisasjonane heilt samde med kvarandre, heller. Dei kalla kravet sitt både «ambisiøst» og «moderat». Og både bøndene og staten slo fast at deira respektive framlegg var i tråd med måla i den ferske jordbruksmeldinga. Det kunne vera god underhaldning, om detaljane ikkje var så innfløkte. Kven har rett?
DET HANDLAR OM POLITIKK. Og slik forhandlingane no etter kvart utspelar seg, handlar det om truverdet til norsk landbrukspolitikk. Den nye jordbruksmeldinga vart vedtatt med breitt fleirtal i Stortinget natta før bøndene la fram kravet sitt. Måla for politikken er klare: auka matproduksjon på norske ressursar samt reduksjon av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper.
DET ER IKKJE SIKKERT at dei tiltaka som bøndene skisserte i kravet er alt som skal til for å få bukt med til dømes overproduksjon, aukande gjeld og minkande sjølvforsyningsgrad. Kanskje må me snart snakka om dei problematiske sidene ved volumproduksjon, om utnytting av handlingsrommet i tollvernet, og om høgare kraftfôrpris. Det som derimot er sikkert er at tilbodet frå staten til bøndene, stikk i strid med målet i stortingsmeldinga, bidreg til å auka- ikkje tette- inntektsgapet mot andre yrkesgrupper.
POENGET ER AT ANSVARET for mål og verkemiddel i jordbrukspolitikken til sjuande og sist ligg hjå dei folkevalde, slik både Grunnlova og Hovedavtalen for jordbruket slår fast. Jordbruksforhandlingane skal i røynda berre vera ei førebuing til handsaming av oppgjeret i Stortinget.
NORSK LANDBRUK kan ikkje bli sitt beste med den uføreseielege tosteg-fram-eit-attende-rytmen, som pregar dei årlege forhandlingane. Det landbruket treng er konkrete, langsiktige mål og stabile ramar.
KVA SLAGS JORDBRUK skal me nytta tilskotta til? Kva vil me at marknadsprisane si rolle skal vera, eigentleg? Svara på slike spørsmål krev kunnskapsrike parlamentarikarar som veit å styra jordbruket etter måla dei sjølv har sett. Stortinget kan gjera meir enn å pusta letta ut og godkjenna dei avtalane staten og bøndene eventuelt kjem fram til. Skal den ferske stortingsmeldinga tyda noko – skal jordbrukspolitikken ha truverd, må Stortinget fylle den med reelt innhald, og syne leiarskap – anten forhandlingane ender i brot eller avtale.
ORDLYDEN i jordbruksmeldinga vart langt betre enn frykta. No handlar det om kva veg Stortinget vil at norsk landbruk skal gå – eigentleg.
Bothild Å. Nordsletten