Bv17_leiar.jpg

Når du les dette, har truleg Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag presentert sitt velmeinande og godt dokumenterte krav til regjeringa ved Landbruks- og matministeren. Det er vår, og tid for jordbruksforhandlingar.

Blant dei mange sakene det skal forhandlast om er prisen på korn og kraftfôr. Inntekts-lagnaden til produsentane i dei kraftfôrbaserte produksjonane, er avhengig av ein kraftfôrpris som er føreseieleg og som er til å leve med.

Den norske delen av kraftfôr-råvarene har skrumpa inn. Areala til korndyrking er urovekkjande redusert. Denne utviklinga bør også uroe styresmaktene så mykje at det blir sett i verk styrka tiltak for å auke produksjonen av korn på norsk jord. Då vil det sjølvsagt handle om dei økonomiske ramevilkåra til kornbøndene. Vi stiller oss meir enn gjerne bak gode tiltak for å monaleg løfte lønsemda til korndyrkarane, men det er grunn til å streke under at dyrare norsk korn til kraftfôrproduksjon må kompenserast med auka midlar til prisnedskriving.

Vi må uansett belage oss på ei framtid med framleis import av kraftfôrråvarer, ikkje minst gjeld dette proteinråstoff. Og det betyr at til dømes svineprodusentane er avhengig av at dei utanlandske råvarene ligg under den såkalla referanseprisen på kraftfôr for å få rekneskapen, som ligg til grunn i jordbruksavtalen, i hop.
Problemet er at råvareprisen på dei utanlandske innsatsfaktorane stadig oftare vippar over det som ligg til grunn for referanseprisen. I avtaleverket finnest det ingen verktøy for å regulere denne situasjonen. Det betyr med andre ord auka kraftfôrpris og redusert dekningsbidrag for produsentane.

Svineprodusentane er meir enn urolege over utviklinga. Dei utgjer truleg den gruppa innan dei kraftfôrbaserte produksjonar som har minst å gå på. Kostnadsvekst og ubalanse i marknaden har ført denne gruppa over på minussida i inntektsutviklinga siste året. Dei to referansebruka med svineproduksjon i Budsjettnemnda sine døme syner ein klar reduksjon i inntekta for denne gruppa.

Det norske landbruket er gjennomregulert, og norske svineprodusentar har minimalt å gå på når råvareprisen kjem over den avtalefesta referanseprisen. Ingen kan vente aktivitet og optimisme innføre ein produksjon der kostnaden på den største innsatsfaktoren, kraftfôret, er prisgitt svingingane i verdsmarknaden. Og det er svært lite som tyder på at desse råvareprisane vil stabilisere seg på eit, med norske bondeaugo, komfortabelt nivå.

Ei mogleg løysing har vi peika på før. Vi gjentek ho gjerne. I dei periodane verdsmarknadsprisen ligg under referanseprisen, betalar husdyrprodusentane «toll» opp til referansepris-nivået. Desse pengane hamnar i den romslege statskassa til Sigbjørn Johnsen. Det er høgst på tide at desse kronene blir øyremerkt og nytta til å stabilisere kraftfôrprisen i dei periodane importerte råvarer presser prisen opp.

Våren har ikkje vore vakker. Det kjem han ikkje til å vere i vekene framover heller. Dei som omtalar jordbruksforhandlingane som vårens vakraste eventyr, må ha svart belte i sarkasmekunst. Jordbruksforhandlingane, og resultatet av desse, er langt meir enn politisk spel og hestehandel, der målet er å unngå at den sitjande regjeringskonstellasjonen ikkje går opp i liminga.

Det handlar om inntekt til dei som skal produsera maten vår.  Forhandlingsvilje og evne til å løyse utfordringane kring korn og kraftfôr, høyrer med til suksesskriteria.

Sjur Håland
sjur.haland@fkra.no