Svidde avlingar og fôrmangel set landbruket på prøve, men får også fram det beste i næringa. Tøffe tider minner oss om kor viktig fellesskap, samhandling og solidaritet er. Medan samvirka står på for å formidla fôr og frakte vatn, stiller bønder med ekstra gras opp for dei med lite. Folk kjem saman på samfunnshus og i heimane, til fagleg råd og sjelebot over kaffikoppen.
Samarbeidet i næringa er gull verdt når utfordringane står i kø. Med 40 000 bønder spreidd ut over landet er solidariteten svært viktig å ta vare på. Den må ikkje takast for gitt. Liberalistar og sterke marknadskrefter verar det raskt om samhaldet skulle slå sprekker.
Og det manglar ikkje på åtak. To gonger denne sommaren har høgresida si tankesmie CIVITA funne det opportunt å gå i rette med den norske landbruksmodellen. Dei hevdar, trass i mange tiårs prov på det motsette, at landbrukspolitikken ikkje er rasjonell, og at bønder som sjølvstendig næringsdrivande, bør klara seg sjølv. Tonen er den same i avisa Dagens Næringsliv. Det finst rett og slett ein del folk som ikkje ser verdien av eit eige landbruk og høg sjølvforsyningsgrad.
Liberalistiske utblåsingar som dette er eit døme på utfordringar som landbruket til ei kvar tid må forhalda seg til og svara på. Andre døme frå denne sommaren er Unge Venstre sitt framlegg om å nytta pristilskotet til kjøtproduksjon til framstilling av kjøt i laboratorium, eller MDG-ungdomen sitt ønske om økologisk omlegging av all kyllingproduksjon.
For ei sårbar næring inneber slike utspel meir enn rutinemessig medihandtering. Det handlar om å forklara forbrukarar, veljarar og politikarar om dei biologiske, økonomiske og politiske samanhangane som må ligga til grunn om me framleis ønskjer bønder og berekraftig matproduksjon i heile landet. Igjen og igjen må bodskapen hamrast inn då mange tykkjest ha tungt for det.
Skal argumentasjonen vera overtydande, er det viktig at næringas eigne aktørar forstår verdien av pilarane i ein landbrukspolitikk som har tent landet vel. Gitt høve er det nok av dei som vil tukla med importvernet, marknadsreguleringa, jordbruksavtalen eller samvirka. Landbruket sine eigne må ikkje gjera det lettare for dei, ved å undergrava samhaldet med snevre eigeninteresser.
Under Arendalsveka lufta CIVITA ideen om at bønder på Jæren burde få produsera meir enn maks kvote på 900 000 liter. Med utsikter til ein god tredjeslått i regionen, vil somme kanskje hevda at det er ein god idé. Desse bør i så fall ofra ein tanke til sørlandsbonden som har mått sende dyr til slakt, men som drøymer om å vera bonde gjennom denne, og komande vintrar. Burde ikkje dei med nok fôr senda litt av det sørover, og heller spe på med kraftfôr til eigen bøling? Ingen veit kven som treng hjelp rundt neste sving.
Me høyrer også om svineprodusentar som grunna overproduksjon tek til orde for å senka oppgjersprisane og såleis pressa kollegaer ut or næringa. Å basera seg på denne typen brutal problemløysing lovar ikkje godt.
Landbruket treng for all del fleire kritiske røyster, kontroversielle idear og debatt. Kjappe løysingar som får samhaldet og grunnvollane til å rakne, treng me ikkje.
Bothild Å. Nordsletten