Bv10_leiar.jpg

I DENNE UTGÅVA av Bondevennen har vi eit intervju med styreleiar i Norsk landbrukssamvirke, Sveinung Svebestad. Han peikar på at den største trusselen mot samvirke ligg i den ekstreme forskyvinga mot sterkare kjedemakt. Kjedene går stadig djupare inn i verdikjeda, og tek over ein del av den verdiskapinga som burde blitt verande i landbruket. For å møte dette treng landbruket råvaremakt, og det er bare eit sterkt samvirke som kan representera landbruket sine samla interesser opp mot kjedene. Og korleis får vi eit sterkt samvirke? Svaret er like enkelt som det er vanskeleg, og ligg i auka oppslutning.

AVTALEN mellom ICA og Norgesgruppa er ei ytterlegare forsterking av kjedemakta. Oppkjøpet gav sjokkbølgjer langt inn i maktas korridorar. Det er særs interessant å merka seg at Konkurransetilsynet no midlertidig stansar avtalen i påvente av at lovlegheita i avtalen blir behandla juridisk. Er vi vitne til ein motreaksjon? Det er nærast ei naturlov at pendelen før eller seinare slår tilbake. At Konkurransetilsynet grip inn handlar nok meir om å ivareta forbrukarinteressene enn landbruksinteressene.

SAMVIRKE har ansvar for marknadsregulering og med det at bøndene får ut avtalt målpris/referansepris. For å ha styrke til å sette prisen, er ein avhengig av at samvirke er den viktigaste aktøren i marknaden. Ein har erfaring for at den prisløypa som samvirke set, i stor grad blir følgd av private aktørar.

NÅR SAMVIRKE skal ivareta både kommersiell drift og samvirkeideologi, kan dette gå utover lønsemda. – Konkurransekraft framfor ideologi, seier Svebestad, og det er truleg ein rett analyse i den situasjonen landbruket er i no. Om det ikkje på kort og lang sikt svarer seg å kjøpe og levere til samvirke, har samvirke eit problem med å forklara sin eksistens. At samvirkebedriftene dei seinaste åra har vore gjennom ei kraftig rasjonalisering og effektivisering ser ut til å ha styrka konkurransekrafta, noko som er avgjerande for auka tilslutning.

DET ER FLEIRE FORHOLD som talar for at råvaremakta er avgjerande for bøndene sin økonomi. Råvaremakt via samvirke er ei motkraft for å unngå å hamna i lomma til dei store kjedeaktørane og med det muligheit til ei viss styring av prisutviklinga. Vi ser ein trend til at marknadsinntektene blir stadig viktigare i forhold til landbruksstøtta. Med stadig meir rasjonalisering i landbruket med påfølgande store bedriftseiningar og store produksjonsvolum, slår sjølv små prismarginar ut på botnlina til bonden. Ingen må vera forundra over at samvirke blir målt på resultat.
VI TRUR at samvirkeideologien med demokrati og eigarskap framleis står sterkt i landbruket. Så er det opp til bonden om han / ho vil gi samvirke den tilslutninga, og med det, den konkurransekrafta som er nødvendig i maktkampen om råvarene.

 

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no