image description

 

– Norge sit på nøkkelen til samfunnssuksess, meiner den amerikanske evolusjonsbiologen David Solan Wilson (Klassekampen). Wilson er med i The Norway project som undersøker kva som er årsaka til at Norge scorar høgt på indikatorar for livskvalitet. David Solan Wilson representerer ei forsking som gir eit alternativ til den rådande politiske og økonomiske verdsideologien, som bygger på den nyliberale modellen. Ideologien som trur at det gode samfunn blir skapt når pengemakta og marknaden får fritt spelerom. Wilson peikar på ein alternativ veg, og kort fortalt syner forskinga hans at verdiar som samarbeid og likskap er gode for samfunnet, ja til og med ei viss regulering av handlingar dreg i positiv lei. Verdiar som har vore avgjerande for utviklinga av den norske velferdsmodellen, og som amerikanaren kallar nøkkelen til samfunnssuksess.

For å forstå dei tiltaka, eller politikken, som styresmaktene set i verk, må vi kjenne til ideologien som ligg bak. Den offentlege debatten har for mykje merksemd retta mot tiltak, og dveler for lite med mål og meining med det heile. Evolusjonsbiologen David Solan Wilson er nysgjerrig på kva det er som skaper livskvalitet, det bør vi også vere.
Er Wilson si tenking luftige draumar i ei globalisert verd? – Ja, meiner forskaren sjølv, og uttrykker at nemnte verdiar fell meir naturleg i mindre samanhengar enn i dei store. Det har å gjera med lojalitet og kjensla av å høyra til. På den internasjonale arenaen finnes knapt andre verdiar enn dei økonomiske. Er det noko avgrunnen til at miljø og berekraftig utvikling oftast kjem i skuggen av det kortsiktige økonomiske fokuset?

Den norske jordbruksmodellen er organisert på ein unik måte, der samvirkemodellen fram til nå har spela ei nøkkelrolle. Modellen bygger mellom anna på samarbeid og likskap, dei same verdiane som Wilson meiner er grunnleggande for det gode samfunnet. Samvirkeverdiane er gull verd for bonden, men dessverre kan dei sjå ut til å provosera nyliberalistane. Det er årsmøtetid rundt om kring i fylkesbondelaga. Norges Bondelag har som vanleg utforma studiemateriell, i år med konsekvensanalysar av ein ny politikk. Vi saknar vaksenopplæring i den nyliberalistiske samfunnsmodellen. Næringa treng å få innsyn i den ideologiske plattforma for den politikken som landbruksministeren er eksponent for. Kva er verdigrunnlaget og kva er målet?

Val av samfunnsmodell er styrande for samfunnssuksess, meiner forskinga. Gjeld det også for landbruket? I landbruksnæringa er det ei sterk tiltru til at når regjeringa får sett seg inn i den norske jordbruksmodellen, vil ho nærast automatisk slutte seg til det som har vore gjeldande landbrukspolitikk. Resonnementet kan vera ei blindgate.
Det ser ut til at det er ideologi, meir enn ”å ha kjennskap til” som styrer politikken.