image description

 

Det er så mykje farleg der ute. Særleg når det kjem til mat. Ei stund skal ein ikkje ete brød, me høyrer om helsefarlege plantevernmiddel i frukt og grønt, for ikkje å gløyme kor livsfarleg det er å ete raudt kjøtt. Den som vil leve eit helsefremjande liv har jammen litt å stri med. Å orientere seg i jungelen av råd og åtvaringar, krev meir enn kart og kompass.

 
Nyleg kunne me lese i dei landsdekkande avisene at raudt kjøtt aukar faren for tarmkreft. Bakteppet var ein rapport frå Verdas helseorganisasjon (WHO), der raudt kjøtt var peika ut som ein risikofaktor for å utvikle tarmkreft.
– Risikoen for å utvikle tykktarmskreft øker i takt med mengden kjøttprodukter og rødt kjøtt som konsumeres, opplyser Kurt Straif, ved International Agency for Research on Cancer (IARC), til VG.
Tall frå kreftregisteret viser at 4.000 nordmenn får sjukdomen årleg. Dei fleste kan vere einige i at eit sunt kosthald har klar samanheng med helsa, samstundes kan ein bli både redd og tafatt av alle dei skumle farane som lurer i ei god gammaldags steik.
«Raudt kjøtt kan vere like sunt som fisk», kunne me lese i Nationen i september. Anna Haug, professor i husdyrfag ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, trakk fram amerikansk forsking som viser at omega-3-andelen vert mangedobla om kyrne et gras. Konklusjonen var at dyr som har blitt fôra opp på berre gras kan gi mykje sunnare kjøtt. Det er ikkje vanskeleg å bli forvirra i helsejungelen.

 
Biletet er sjeldan svart kvitt. Dagbladets matskribent, Andreas Viestad, har akkurat gitt ut ei bok om kjøtt. – Jeg godtar ikke et «ja» eller «nei» til kjøtt. Dette handler både om mengder og kvalitet. Jeg er tilhenger av å spise mindre bearbeidet kjøtt, og heller spise godt kjøtt. Min bestemor ble 97 år. Hun spiste kjøtt ganske ofte, men prioriterte det som hadde smak og karakter og spiste ikke så mye av gangen, seier Viestad til Dagbladet. For han er det viktig å bruke heile dyret for å få ein meir berekraftig kjøttproduksjon. Me kan lære noko av bestemora til matskribenten. Måtehald er eit viktigare ord enn farleg.

 
I landbruket blir det snakka om underdekning av storfekjøtt, og lagt til rette for auke av ammekyr. Det er eit direkte resultat av at befolkninga et stadig meir kjøtt i kvardagen. Dyra skal vekse fort og produsere mykje kjøtt, slik at folket kan få store biffar så billeg som mogleg.
Kva om forbrukarane i staden for å bli fanatiske og kutte alt kjøtt, berre åt litt mindre kjøtt. Kva om kjøttet fekk tilbake status som festmat og ei knapp ressurs, og heile dyret blei nytta til menneskemat i staden for hovudsakleg filetar. Då kunne dei fleste ha råd til å betale meir for biffen, og heller ete litt sjeldnare.
Me trur måtehald og kunnskap er medisinen mot redsle og hysteri.

 

Jofrid Åsland