– Samvirkeprinsippa er like aktuelle i dag som for 100 år sidan, oppsummerte leiar i Norsk landbrukssamvirke, Sveinung Svebestad, under samvirkekonferansen Mat og Landbruk som blei arrangert på Gardermoen i sist veke. – Jo mindre offentleg produksjonsregulering, jo viktigare er samvirke for å sikre pris og levering. Samvirke skal mellom anna sikra bonden sin rettmessige del av verdiskapinga frå jordbruket, sa samvirkeleiaren.
Liberal økonomisk politikk er ei ideologisk leiingstjerne for den nye Høgre / FrP regjeringa. Sett på spissen handlar denne politikken om avregulering og å la marknaden rå. Alle sin kamp mot alle, der den sterkaste overlever. Makt og styring av samfunnsutviklinga blir i stor grad flytta frå politikken til kapital- og finansaktørane. Prosessen blir forsterka av globaliseringa, det skal vera fri flyt av varer og kapital over landegrensene. Når ei politisk skjerma næring, som norsk jordbruk, må tilpassa seg til ein overgang frå raud-grønt sosialdemokrati til blå-blå liberalisme, knakar det i samanføyingane, og der er vi nå. 2012 blei, av FN, utpeika til det internasjonale samvirkeåret. Nøkkelbodskapen frå FN er: Samvirkeføretak balanserer sosiale og økonomiske behov, mogleggjer økonomisk berekraftig utvikling og fremmer demokratisk utvikling. Samvirke er ein internasjonal modell og ei nødvendig motvekt til marknadskreftenes frie spel. I vår tid blir samvirkemodellen utfordra på økonomisk konkurransekraft når ein skal kombinere samvirkeideologi og business.
Ein av pilarane i den norske jordbruksmodellen er samvirke si rolle som marknadsregulator. Denne rolla inneber mellom anna at marknadsregulator har mottaksplikt. Det betyr plikt til å ta imot bonden sine produkt uavhengig om det er lang veg til marknaden, og uavhengig av svingingar i marknaden. Mottaksplikta er ein føresetnad for å kunne drive jordbruk i heile landet. Den nye regjeringa har nå varsla ein gjennomgang av marknadsreguleringsordninga. Mandatet for utreiinga er ikkje kjent, men i følgje matog landbruksminister Listhaug vil ho ha ein gjennomgang av om ordninga skal halda fram i si nåverande form, om andre instansar skal ta over ordninga eller om ordninga i det heile bør halda fram. Vi trur i det lengste at fornufta sigrar, og at dagens forankring av marknadsordninga vil bli ført vidare.
Vi høyrer stadig om matkjedemakt og vertikal integrasjon ved at kjedene får kontroll over foredlingsindustri og primærproduksjonen. Kven andre enn samvirke, med bondeeigd foredlingsindustri, kan demme opp mot dette når det ikkje er politisk vilje til regulering? Landbruksbasert matindustri er Norges nest største fastlandsindustri. I ei tid med stagnasjon i fastlandsindustrien,
ser vi framleis ein vital matindustri og det meste av denne industrien er bondeeigde samvirkeføretak. Modellen er økonomisk robust og samvirkeføretaka har merkevarer med solid tillit i marknaden. Landbrukssamvirke har tradisjonelt vore ein viktig premissleverandør, og eit talerøyr til styresmaktene for utforminga av landbrukspolitikken. Våre nye styresmakter bør lytte til signala frå samvirkeorganisasjonane. Dei representerer det breie lag av landbruket, og kjenner konsekvensane av landbrukspolitikken.
– Samvirke må vera til stades på dei arenaene der ungdom samlast, utfordra Gunn Jorunn Sørum, styreleiar i Norges Bygdeungdomslag, på samvirkekonferansen. – Samvirke representerer motmakt, maktfordeling, demokrati og samhandling, sa ungdomsleiaren. Godt sagt!