Planlegg nå

23. august 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Ubuntu. Eg er fordi vi er. I kjernen av den sør-afrikanske leveregelen ligg nærvære, samhald, respekt og audmjuke. Først og fremst mellom menneske. Men i vår naturfjerne tid blir omgrepet alt oftare halde fram som eit prinsipp for korleis kvar og ein av oss burde forhalda seg til alt anna som også held oss i live: Fotosyntesen. Vatnet. Vinden. Meitemakken.

Eg er fordi alt og alle desse andre er.

Eller, alt heng saman med alt som me plar seia. Og dermed – som du sår, skal du hausta.

Dette veit bonden alt om. Og nå er det haustetid.

Når årets avlingar jamt over ser ut til å ha blitt bra, er det likevel ikkje berre takka vera sola, klorofyllet og regnet. Mykje av grunnlaget for grøda og nytt liv kjem av sesongars kyndige agronomi og gode planar.

Ein av fagartiklane frå Norsk landbruksrådgjeving denne veka handlar om nettopp dette: Om alt du kan gjera alt nå, for både å spara tid – og legga til rette for eit betre resultat neste år. (Sjå artikkelen her.)

Som å gå ut og inn i landskapet du er del av. Reparera gjerde. Rydda åkerkanten. Ta ugraset. Kalka jorda, som så vil løna deg med ennå større avling neste sommar. Takka stareflokken for dei gratis dropane med næring.

Nyt for all del fruktene av alt arbeidet du har lagt ned i år, men sjå også framover. Legg planar for det du vil at skal koma.

Så enkelt. Så krevjande. Men òg så klokt.

Om neste år kjem med flaum, tørke, kulde eller hagl, er det sjølvsagt lite du kan gjera med det. Like lite som du aleine kan syta for optimale politiske og økonomiske rammevilkår. Og uføresette ting skjer, uansett kor dyktig du er, uansett kor mange faktorar planen din tar høgd for.

Og like fullt må du prøva igjen. Gjera ditt beste på lag med alle og alt som held oss her. Haustregnet, naboane, såfrøet og makkane. Å legga planar er å tru på framtida.

God lesnad. God haust.

DEI SISTE LEIARANE:

Tine-reklame til ettertanke

Tine-reklame til ettertanke

Ein ny Tine-reklame på tv gir sommar-hjernen noko å grubla på. Kanskje meir enn det som var intensjonen. Den 30 sekundar lange filmen påpeikar på éin og same gong samvirket sin samfunnskritiske funksjon – òg normaliserer det som i røynda er eit marginalisert norsk landbruk.

Til heis utan frykt

Til heis utan frykt

Nå opnar heia seg for den årvisse rørsla av fe og folk på veg opp til sommarbeite. Me håpar sesongen blir god. Samstundes må me åtvara om at det nå er grunn til å vera ekstra på vakt.

Meir mjølk

Meir mjølk

Mjølk er inn igjen. Etter to tiår med stupande forbruk og veganske framtidsutsikter, syter proteintrend, influensarar med kvit bart og fotballstjerner på kartongen for at volumet aukar. Såpass så, at Tine nyleg kunne presentera eit fint resultat for første tertial.