UNDER DET landbrukspolitiske stormøtet på Jæren fekk vi vite at investeringane i landbruket aukar, det er aukande interesse for kjøp av mjølkekvotar, ein registrar mindre nedgang av jordbruksareal i drift og færre bønder går ut av næringa. Fordelane med suksess er betydelege. Dette veit tidlegare PR-rådgivar, nå mat og landbruksminister Sylvi Listhaug, å utnytte for alt det er verdt. Bodskapen blir gjenteke i riksmedia og aviser landet over.
AT LISTHAUG NO solar seg i glansen av økonomiske rammevilkår som landbruket sine organisasjonar, saman med eit politisk fleirtal, over tid har kjempa fram, i mot Frp si røyst, blir forteia. Det er historielaust om vi ikkje minner ministeren om Framstegspartiet sin landbrukspolitikk, nedfelt i partiprogram og alternative statsbudsjett, før dei toga inn i regjeringskontora. Regjeringsplattforma dreg i same retning.
FRP SI HALDNING til budsjettstøtte ligg ikkje 250 millionar kroner under teknisk jordbruksavtale av juni 2014, slik vi blei presentert i staten sitt tilbod. Det var ein stortingstilpassa jordbruksavtale. Alternative Frpstatsbudsjett har vist ei landbruksstøtte som ligg i storleiken 5-6.000 millionar kroner under dagens nivå på 14,3 mrd. Og kva med den andre bærebjelken, tollvernet. I regjeringsplattforma les vi om eit landbruk som gradvis må tilpassa seg eit svekka tollvern. Regjeringa si aggressive haldning til styrka ostetoll, gjennomført innafor ramma av WTO-avtalen, indikerer at vi bør ta regjeringa si uttale om svekka tollvern på alvor.
TO AV DEI TRE siste jordbruksoppgjera har enda med brot. Bøndene har vore synlege i gatene. og vi har registrert eit stemningsskifte til landbruket. Media og folket ser verdien av trygg mat, vakre kulturlandskap og eit landbruk i heile landet, med andre ord den landbruksmodellen vi kjenner. At det siste brotet i stor grad handla om utforminga av landbrukspolitikken, ser ikkje ut til å påverke landbruksministeren.
MEIR MARKKNAD, mindre politikk eller uttrykt som auka armslag til bonden og mindre makt til organisasjonane og staten, er eit mantra som går igjen i Listhaug sin argumentasjon. Konsekvensen av denne retninga kan på sikt ytterlegare svekke sjølvforsyningsevna og rokke ved legitimiteten til norsk landbruk. Vil det vera politisk vilje til å halda oppe eit sentralistert landbruk med dansk struktur, men med doble prisar? Ingen bør forledars til å tru at vi, med norsk kostnadsnivå, kan halda oppe eit landbruk utan budsjettstøtte og eit vel fungerande tollvern. På andre sida av Svinesund ligg til dømes mjølkeprisen til bonden på ca 2,65 kroner per liter.
PILRETNINGA SOM Listhaug peiker på representerer ein røyndom. Det er inspirerande å registrere auka investeringsvilje og at avgangen av bønder bremsar opp. Nettopp difor er det så viktig at regjeringa stiller rett diagnose og er ærleg om årsaksforholda. Vi forventar at regjeringa stiller opp for å vidareføra dei rammevilkåra landbruket har i dag.
VI SER AT REGJERINGA sin avreguleringspolitikk, på kort sikt, kan verka vitaliserande for grupper med sterke vekstambisjonar. Vårt råd til statsråden er å vera mindre selektiv i val av tilbakemelding på eigen politikk. Norsk landbruk handlar om meir enn enkeltpersonar. Det er ei berande distriktsnæring som står for samfunnsoppdrag nummer ein, å produsera trygg mat.
Eirik Stople
Stikkord denne saka: Landbrukspolitikk