Drit i klimaendringane. Me vil driva med husdyr- og planteproduksjon. Tena pengar som gras og vera utøvarar med mold og kuskit på nevane i det som næringa sjølv omtalar som verdas viktigaste yrke. Når så dei mørke klimaskyene trekker inn over Norskekysten, og klimaforskarar serverer dommedagsprofetiar over ein låg sko, er det råd å skjøna at enkelte trekker ned gardina og gjer tjukke øyre.
Å vera bonde er ingen rumba med nakne føter i ei eviggrøn timoteieng. Det har det heller aldri vore. Yrket er knytt til vanskelege val, uføreseieleg vêr, vinglande politisk styring, heller dårleg økonomi og hardt arbeid. Slik har det alltid vore.
Varslar om alvorlege klimaendringar, med dei utfordringane som følgjer med, har dumpa ned i fanget på norske bønder. Mange vil jubla over den fantastiske vekstsesongen me no legg bak oss, og lagra sesongen som eit argument mot FN sitt klimapanel. Likevel er det noko som murrar. Det er ikkje lett å oversjå Meteorologisk institutt sine ubehagelege fakta om at 38 norske målestasjonar, 18 av desse i Vestland, registrerte tørkerekord i august med opp mot 90 prosent mindre nedbør enn normalt.
Tanken på kva me og resten av verda kan venta av klimatiske utfordringar dei komande åra blir gjerne halde på ein armlengds avstand. Det er mest behageleg slik.
Alvoret, av FN sin generalsekretær kalla «kode rød for menneskeheita», tvingar oss likevel til å møta ubehaget. Med utgangspunkt i den siste klimarapporten frå FN, møtte Bondevennen bonde Rune Haugland. I staden for å skygge unna, hiv han seg inn i debatten om beitebruk og produksjon av raudt kjøt som ein del av klimasvara. Samstundes riggar han jordene slik at dei er i stand til å ta unna større vassmengder. Bonden peikar også på moglegheitene som kan nyttast ut i kjølvatnet av klimaendringane. Solcelletak og elektrifisering av maskinparken blir aktuelt, medan lengre vekstsesong gir moglegheiter til å dyrka andre vekstrar enn det som før har vore mogleg på Sør-Vestlandet.
Me er alt for audmjuke overfor dei mange tusenkunstnarane der ute, til å prøva å servera halvkveda råd. Men me håpar at dei som aller helst vil drita i klimaet og stikka hovudet i sanden heller hiv seg inn i debattane om korleis landbruket skal møta klimautfordringane framover, og korleis styresmaktene må vera med og finansiera landbruket sine bidrag.
Bøndene som vinn er til sjuande og sist dei som brukar solfaktorkrem under sola, kler seg i oljehyre mot styrtregnet og klorer seg fast til tomta si. Vinnarane er dei som ser moglegheitene, bruker dei og tek vare på arbeidsgleda.
Også når det skyer over.
Sjur Håland