Og svaret er: Meir ull

Bothild Å. Nordsletten
Berekraft er eit ullent ord. Det kan bety alt – og ofte ingenting. Berekraftig vekst, berekraftig shopping, berekraftig leiing eller berekraftige sugerøyr. Mykje tar seg betre ut i grøn saus.
Norsk ull, derimot, treng ingen grønvask. Ho er grøn, spunnen frå sau på lyng og gras i utmark. År etter år i over tusen år. Utan å forringa livsvilkåra til generasjonane av lyng, blåbær eller karbonlagrande røter. Tvert om. Norsk ull = berekraft. Ein raud, eller grøn, tråd gjennom landskapa, tradisjonen, kulturen, økonomien og identiteten vår.
Og likevel, sjølv om ulla bokstaveleg talt brekar berekraft og sirkulærøkonomi, så ber den ikkje lengre så godt som ho kan og burde.
Produksjonen av den beste ulla stupar nemleg over heile landet, ifølgje Norsk Industri. Saman med tekstilbransjen arrangerte dei «Ulldagen 2024» i førre veke, for å kasta lys over problemet.
Ifølgje Nortura er tilgangen på klasse 1-ull frå norsk kvit sau redusert med over 30 prosent siste seks år. Etterspurnaden, derimot, er stor. Det er motiverande. Men når ulltillegget til sauebøndene ikkje motiverer til den innsatsen som krevst for å få fram den beste ulla, går altså produksjonen ned.
Norilia, som handterer 75 prosent av den norske ulla som vert levert inn, registrerte nesten 4300 tonn førstesortering ull i 2016. Seks år seinare kom det inn berre 3100 tonn. Og framleis legg mange bønder ned sauehaldet.
Motiverande er det heller ikkje når EU nå ønskjer å innføra eit såkalla grønvaskingsdirektiv som brukar ein metode som klassifiserer klede av plast og andre syntetiske material som meir miljøvenlege enn ullklede. Det seier seg sjølv at dette, dersom det blir innført, vil svekka norsk ullproduksjon ytterlegare.
Og at me for all del må unngå at så skjer.
Då hastar det, for EU skal diskutera direktivet i haust og vinter. Parallellt nærmar 2030 seg, året då kvar bransje, kvar kommune, heile Noreg og verda skal ha nådd FN sine berekraftsmål. Mål nr 12 heiter Ansvarleg forbruk og produksjon. Mål nr 15 heiter Livet på land. For desse og fleire av dei andre 17 måla er norsk utmarksbeiting og sau eit velprøvd, kostnadseffektivt og opplagt middel.
Altså har me korkje tid eller råd til å sitja og sjå på at tråden som har bunde oss til landet og livet, og som me nå må nøsta vidare på inn i framtida, slitnar meir. Ulltilskota må opp att. Ullproduksjonen må opp att. Og slik ullsegla førte nordmenn ut i verda før i tida, må styresmaktene våre sveipa strikkeskjerfet om halsen, varma stemmebandet og tala EU midt imot.
Sjå også Brenn for beita og opne landskap, Flammar betre for klima enn skogplanting, og EU-tull med ull.
DEI SISTE LEIARANE:

Ein langtidsplan for maten
Det er på tide å bygga beredskap. Den spente situasjonen i verda, den handelspolitiske uroa, den føreståande opprustinga og den stadig ruvande klimakrisa levnar ingen tvil.

Våronn i absurditetane si tid
Me treng ikkje gni det inn. Den globale politiske situasjonen er absurd. Dei store overskriftene i nyhendemedia kan for tida få den sterkaste sjela til å få skjelven berre av synet av sin eigen skugge.

Meir medvind for mjølka
Mjølk tar av om dagen. Råvareprisen stig og bøndene svarer så til gagns på suget etter meir av det kvite gullet: I fjor vaks produksjonen med 76 millionar liter – den største auken på over 25 år, ifølgje Nationen.