– Med ansvar for 25.000 kyllingar og 7.000 minkar er observasjon av dyra ein viktig del av kvardagen vår, fortel Gølin Hege og Bjørn Kjetil Frafjord, i BV-reportasjen denne veka. Dei har gode resultat i produksjonane, og då blir det alltid interessant å spørja; kvifor?
Det er som regel ein samanheng mellom dyrevelferd, innsats og det gode resultatet. Teori og bokleg lærdom er ikkje uvesentleg. Erfaring og det trena blikket for trivsel på dyr og planter er avgjerande. Det var utruleg interessant å høyra om korleis bøndene i Frafjord tenker om dyrevelferd. Dei har erfart at det løner seg å bruke tid på å observere dyreåtferd i besetninga. Dei sansar om noko er gale. Å sjå, høyre og lukte gir informasjon, som den fagleg erfarne produsenten straks tolkar og kan handtera.
I mjølkeproduksjonen er dyreåtferd blitt eit eige fag. Kusignal er ordet som blir nytta. Haldvurdering, korleis kua ligg, kor lenge ho ligg, korleis ho går, jortetid og gjødselkonsistens gir haugevis av informasjon som den trena bonden veit å styre etter. Utfordringa ligg i å utnytte ”verktøykassa” og å kjenne til årsak og verknad på dei symptoma ein oppdagar. Fagområdet er komplekst og vi ser at fleire utnyttar samspelet mellom bonde, rådgjevar og veterinær. Førebyggande helserådgjeving er nå blitt ein del av veterinærane sitt arbeidsområde. Kunnskap, erfaring og trening ligg til grunn for all suksess.
Det er fleire ti-år sidan datamaskina blei styringsreiskap i veksthusa. Her ligg alt til rette for styring av klima- og næringstilførsel. Bare dei som kjenner plantene sine fysiske behov, og som kan tolka reaksjonane i planta, oppnår topp resultat. Bruk av nytteinsekt i kampen mot skadegjerarar bygger på det same. Observasjon, tolking og tiltak.
Innføring av avansert innandørsmekanisering bygger på kunnskapsbasert styring. Ny teknikk med rasjonelle opplegg legg til rette for stor produksjon som nettopp utfordrar behovet for observasjon og styring. I biologiske produksjonar kan teknikken aldri erstatta inngåande kjennskap til dyr og planter.
Det enkle er ofte det beste, heiter det i reklamen. Eit døme på det ser vi når mange bønder vel å plassere kalvane ute i enkle kalvehytter, i staden for kompliserte klimastyrte rom inne. Dei rette vala bygger på ei brei tilnærming av den utfordringa ein søkjer å løysa og munnar gjerne ut i enkle, robuste løysingar.
God økonomi er eit resultat av at ein tek ut dei økonomiske marginane i produksjonane, gitt at rammevilkåra for produksjonen er akseptable. Ein analyse av det økonomiske resultatet er naudsynt om ein vil ha ei stadfesting på at ein gjer dei rette grepa eller ikkje. God økonomi er sjølvsagt viktig i seg sjølv, og tilleggseffekten er trivsel for dyr og menneske. Vi trur at bøndene i Frafjord set rett fokus, når dei brukar tid på å observere, å sjå, lukte og lytte.
Eirik Stople