Nokon må ut

20. september 2024 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Sjå lammet. Skamma over å vera rogalending overgår nesten fortvilinga ved synet av den nyfødde, gravskitne og forkomne skapninga på veg ned i gjødsla.

Igjen.

For igjen har Mattilsynet vore på tilsynsrunde. Denne gongen til 74 gardar med småfe spreidde i 17 av Rogaland sine 23 kommunar i fjor haust. Stavanger Aftenblad og Nationen skriv om resultata.

På 58 av bruka fann tilsynet moglege lovbrot. Femten av bøndene fekk forbod mot å halda dyr. Seks vart melde til politiet.

Tala er ikkje så høge med tanke på at det i dei 17 kommunane er heile 2000 registrerte sauehald. Men det har lite å seia for søya og avkomet som svelt, ståande til buken i skit.

For igjen handlar avvika om grunnleggjande ting som «tilsyn og stell». «Kompe­tanse». «Oppstallingsforhold». At sjuke eller skadde dyr ikkje vert avliva. «Fôr og vatn».

Fôr og vatn. Tenk det.

Rett skal vera rett. Sjølv med ei rekke alarmerande avsløringar i sørvest – mishandling av husdyr er ikkje eit reint rogalandsfenomen. Fæle saker dukkar òg opp frå andre kantar av landet.

Og då er det på tide å slå fast det openberre: Norsk landbruk har eit A-, B- og C-lag. Somme bønder er berre ikkje eigna til å ta vare på dyr. Alle skal ikkje med.

God dyrevelferd er bonden sitt ansvar. Men også den siste runden til Mattilsynet gir grunn til å stilla spørsmål ved ansvaret til alle andre som kan ha vore innom dei aktuelle gardane; rådgjevaren, slakte­bilsjåføren, veterinæren. Nærskylde og naboane.

For desse bruka var ikkje tilfeldig valde ut. Tilsynsrunden var «risikobasert». Den tok utgangspunktet i lister frå Statsforvaltaren over bønder som søkjer produksjonstilskot, men som så produserte få levande lam, få dyr til slakt og dyr med låg slaktevekt.

Mishandlinga skjedde altså ikkje over natta. Dyra har fått lide over tid. Fleire må ha visst om det, men venta med – eller vald å ikkje seia ifrå, korkje om bonden som kanskje slit, eller om seigpininga av dyra.

I så fall er det, igjen, tale om ei unn­latingssynd. Først og fremst overfor medvitne og sansande medskapningar i vår makt. Men også overfor alle dei bøndene som set si ære i høg dyrevelferd og som igjen og igjen må oppleva å bli trekte i tvil grunna handlingane til yrkesfellar som berre ikkje kan eller vil skjøna greia.

Atter ein gong må husdyrnæringa ut og lova bot og betring. «Mine dyr skal ha det bra» lova bønder i ein kampanje etter NRK-avsløringa om ille forhold i svinenæringa for nokre år sidan.

Det held ikkje.

«Mine dyr har det bra» er den einaste forsikringa som duger.

Og då må nokon ut.

Sjå og artikkelen «– Ikkje alle skal ha dyr»

DEI SISTE LEIARANE:

Ein langtidsplan for maten

Ein langtidsplan for maten

Det er på tide å bygga beredskap. Den spente situasjonen i verda, den handelspolitiske uroa, den føreståande opprustinga og den stadig ruvande klimakrisa levnar ingen tvil.

Våronn i absurditetane si tid

Våronn i absurditetane si tid

Me treng ikkje gni det inn. Den globale politiske situasjonen er absurd. Dei store overskriftene i nyhendemedia kan for tida få den sterkaste sjela til å få skjelven berre av synet av sin eigen skugge.

Meir medvind for mjølka

Meir medvind for mjølka

Mjølk tar av om dagen. Råvareprisen stig og bøndene svarer så til gagns på suget etter meir av det kvite gullet: I fjor vaks produksjonen med 76 millionar liter – den største auken på over 25 år, ifølgje Nationen.