– Lenge leve Bondevennen!
Lesar, til Bondevennens lesarundersøking 2023
Bondevennen spurte lesarane om kva dei meiner om bladet, og lesarane har svart. Takk til dei over 600 som tok seg tida! Ikkje berre var tilbakemeldingane mange, dei var også overveldande positive. Lite er så motiverande for ein liten redaksjon som å få høyra at me treff.
Kommentarar av typen «Me er glade i Bondevennen», «Knakande god blekke» og «Gler meg til kvar utgåve» vitnar også om at bladet i sitt 125. år er viktig for mange.
Lesarundersøkinga gir oss også nyttig informasjon om kven Bondevenn-lesarane er og forventar av bladet.
Dei fleste er rogalendingar og menn. 68 prosent er aktive bønder. 16 prosent tidlegare bønder. Over 60 prosent er mellom 30-59 år. Altså under snittalderen for papiravislesarar i Noreg, som er over 60. Og nesten alle les papirutgåva.
80 prosent føretrekk 40 utgåver i året. Grunna travle dagar, kunne samstundes 35 prosent tenka seg halvparten.
Svært mange av dykk likar særleg gardsreportasjane, og meiner Bondevennen bidreg til å gi tru på framtida.
Svara – rosen, risen og dei mange gode forslaga – vil me bruka i tilpassinga av bladet til trongare tider. For trass all denne godhugen, har eigarane våre – Tine, Nortura og Felleskjøpet Rogaland Agder – talt: Bondevennen må kutta ytterlegare kostnadar, og styrka lønsemda.
Kva konkrete endringar dette inneber, vil me koma attende til.
Undervegs står me på for det tradisjonsberande bladet vårt, og for dykk. For me er overtydd om at norsk jordbruk er rikare med ein Bondevenn’ frå og for sør og vest.
Bothild Å. Nordsletten