Staten og Bondelaget har omsider lagt fram ein plan for korleis mjølkeproduksjonen skal kuttast med 100 millionar liter når eksportstøtta til Jarlsberg fell vekk: 40 millionar liter skal bort ved utkjøp av kvotar. Staten vil bruke 200 millionar kroner for å dekke delar av kostnaden ved utkjøpsordninga. Dei resterande 60 millionar litrane skal kuttast ved justering av forholdstalet på disponibel kvote.
Dei 200 millionane staten legg på bordet vil koma godt med for bønder som vurderer å gi seg. I tillegg kan dei bidra til å dempa inntektstapet for dei som held fram med å produsera. Like fullt kan kuttet truleg få alvorlege konsekvensar for somme. Faren for konkursar kan ikkje utelukkast. Særleg for aktive bønder med stor leigekvote og store lån, kan auka omsettingsavgift og lågare forholdstal bli krevjande.
Alle som følgjer denne saka veit at det ligg ei forventing i næringa om at somme yrkesfellar vil sjå seg nøydde til å gi seg som konsekvens av det som no skjer. Vona, både uttalt og stillteiande, tykkjest å vera at det helst må bli dei eldste bøndene og/eller dei med mindre båsfjøs som skal ut.
Slik har det blitt. Det store mjølkekuttet utgjer ei naudsynt justering for å oppnå marknadsbalanse. Her er ingen overraskingar. Me har hatt fleire år til å førebu oss. Og ifølgje landbruksminister Olaug Bollestad skal det nok laga seg, også denne gongen. For, som ho sa i eit intervju til NRK: – Er det nokon som har vore gode på å tilpassa seg opp gjennom, er det jammen meg norske bønder!
Det har ho rett i. Den norske bonden er god til å innrette seg etter skiftande omstende. Men kanskje byrjar det å bli nok no. Nok av den typen justering og tilpassing som sløkkjer lyset i eine fjøset etter det andre, som oftast på dei mindre og meir tungdrivne bruka. For kvar bonde som gir seg, for kvart meieri eller varelinje Tine ser seg nøydd til å leggja ned, for kvart nye tonn med import-ost, gror Noreg litt meir att: verdifull kompetanse forsvinn. Jord går ut av drift. Bygdelivet utarmast. Stikk i strid med dei politiske måla om meir mat på norske ressursar og levande distrikt.
Kall gjerne mjølkekuttet ei justering, men det er også grunn til å åtvara mot ytterlegare strukturrasjonalisering og sentralisering av mjølkeproduksjonen som konsekvens.
Den føreståande utfasinga av Jarlsbergeksporten frigjer 70 millionar kroner årleg frå prisutjamningsordninga. Midlar det no vert sagt skal bidra til å styrka konkurranseevna til norsk mjølk på heimebane. Legitimitet blir i så fall eit viktig stikkord. Til no har debatten om nedskalering av mjølkevolum handla om viktige, men kompliserte detaljar som går mjølkedrikkarar flest over hovudet. Framover bør det handla om korleis me styrker den norske mjølka og aukar bruken av eige gras og beite, og minimerer importen av fôrråvarer.
Mjølkenæringa må saman med styresmaktene leggja ein strategi for korleis den skal få til dette – og for korleis ein skal informere og engasjere forbrukarane slik at dei føretrekk «verdas beste mjølk» framfor meir langreiste alternativ.
Bothild Å. Nordsletten