Gilde relanserte nyleg kjøttdeigpakken sin med ein utvitydig bodskap i store, raude bokstavar. «Alltid norsk kjøttdeig». Stuntet er mellom anna meint å gjera det lettare for forbrukaren å velja norsk, midt i den veksande farsen av daglegvarakjedane sine eigne merkevarer.
Tiltaket er heilt på sin plass og kan gjerne kopierast av andre som stolt produserer på norske råvarer. Kvifor er opplagt.
Med den siste utvidinga av handelsavtala med EU, som vart gjeldande 1.oktober, utgjer den samla kvoteimporten på kjøt nær 7800 tonn storfe, ca. 2900 tonn svin, over 1200 tonn småfe og i overkant av 1500 tonn fjørfe.
Importkvotane for ost er oppe i over 8400 tonn. Det svarar til mengda mjølk som blir produsert på omlag 470 norske gjennomsnittsbruk.
Noreg har i dag 27 frihandelsavtalar med 38 land gjennom EFTA. I desse dagar forhandlar me i tillegg om nye avtalar som omfattar 14 land, mellom andre Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay i frihandelsamarbeidet MERCOSUR. Skulle me få ein avtale med MERCOSUR, samt med Kina, vil den sannsynlegvis innebera at fem av dei seks største landbruksvareeksportørane i verda får betre tilgang til den norske marknaden.
Det seier seg sjølv at slike avtalar undergrev optimal marknadsavsetting og prisfor den norske bonden. Leiar i AgriAnalyse, Christian Anton Smedshaug, omtalar konsekvensane av kvoteimporten i klare ordelag i Nationen: tapt verdiskaping, tapte arbeidsplassar, utfordringar i marknaden og redusert sjølvforsyning.
Avtalar treng me for å sikra avsetting for norske produkt i utlandet, samt for import av varer me ikkje kan produsera sjølve. Problemet er skeiv balanse mellom partane. I dag importerer Noreg seks gonger meir frå EU enn me eksporterer.
Dette handelsregimet har Noreg forplikta seg til. Det er ikkje berre å boikotte kvoteimporten. EU og WTO ville reagere om me med overlegg og over tid freista å forpurre avtalane.
Men kva om Nortura og andre importørar held seg for gode til å ta inn småfe og svin, inntil me fekk bukt med overproduksjonen? Det er ikkje utenkjeleg at handelspartnarane våre ville forstå. I namnet åt den norske bonden og den nasjonale verdiskapinga er slikt atterhald verdt eit forsøk. Det heiter trass alt frihandelsavtale. Ikkje tvang.
Når importen veks skuldast det sjølvsagt også at den går unna i marknaden. Når eit svakt importvern i verste fall bidreg til å undergrava måla om matsikkerheit, auka verdiskaping og berekraftig matproduksjon, må bonden og forbrukaren skjerpe den matpatriotiske sansen.
Igjen er det på sin plass å appellera til det mentale tollvernet. Så langt det er mogleg: vel norsk, og oppmod alle andre om å gjera det same.
Bothild Å. Nordsletten