Meir medvind for mjølka

Bothild Å. Nordsletten
Mjølk tar av om dagen. Råvareprisen stig og bøndene svarer så til gagns på suget etter meir av det kvite gullet: I fjor vaks produksjonen med 76 millionar liter – den største auken på over 25 år, ifølgje Nationen.
I år prognostiserer Norsk melkeråvare at leveransane hamnar på 1515 millionar liter. I så fall inneber det ein produksjonsauke på 53 millionar liter, som er 3,6 prosent meir enn i 2024. Hatten av!
Ikkje overraskande er stemninga i næringa stigande. Fleire bønder vil attende på mjølkevegen, eller etablera seg for første gong, slik Bondevennen har skrive om.
Mindre blir ikkje stemninga av at Tine for første gong i historia har levert eit resultat på over to milliardar kroner. Dermed kan samvirket truleg gi eigarane ei etterbetaling på over ei krone per liter. Forklaringa for det imponerande resultatet er i følgje Tine tredelt: Volumvekst, kostnadseffektivisering i alle ledd, og god marknadsforståing.
Etter mange år med svak mjølkeøkonomi og dalande framtidstru i næringa, er denne nye utviklinga svært gledeleg. Og det betyr noko ekstra når det går godt i mjølkeproduksjonen. Kua er jo ryggrada i jordbruket og distrikta våre. I matberedskapen vår. Har mjølkebøndene trua, har me andre liksom éin grunn mindre til å uroa oss.
Medan me gler oss med mjølkebøndene er det samstundes grunn til å minna om at den etterlengta optimismen er skjør. Avlingar kan svikta. Politiske rammevilkår kan endra seg. Og kosthaldstrendane som bles mjølkeprotein- og feitt sin veg i dag, kan blåsa i andre retningar i morgon.
Nettopp derfor, i ei tid der me uansett må auka sjølvforsyningsgraden, gjer me klokt i å hegna om og å styrka den pågåande oppdrifta. Tine kan ikkje legga ned anlegg og redusere rådgivingstenester i det uendelege. Framover er det viktig at mjølkebønder som satsar og byggjer nytt eller om til lausdrift blir tatt godt vare på. Dei treng å bli sett, bli heia på og ikkje minst – dei treng fagleg god rådgiving og eit meierisamvirke å levera til. Over heile landet.
Tilsvarande bør staten og alle offentlege institusjonar kjenna si besøkstid og konsekvent etterspørja norske meieriprodukt. Det betyr noko. Både i volum, men og som eit føredøme. Om me meiner alvor med landbruk i heile landet, auka sjølvforsyning og styrka beredskap, er det ein opplagt stad å starta. Og det er ingen grunn til å venta med å koma i gang.
DEI SISTE LEIARANE:

Våronn i absurditetane si tid
Me treng ikkje gni det inn. Den globale politiske situasjonen er absurd. Dei store overskriftene i nyhendemedia kan for tida få den sterkaste sjela til å få skjelven berre av synet av sin eigen skugge.

Forhandlingsinstituttet er ikkje ferdig
– Eg ser føre meg at årets jordbruksoppgjer skal bli eit svært godt jordbruksoppgjer.

Forbrukarvinden snur
«Mat må vi ha», sa statsminister Jonas Gahr Støre, då han nyleg var innom FKRA sin kraftfôrfabrikk og fekk med seg ein pakke frukostblanding til å setja på kjøkkenbenken heime i statsministerbustaden.