Bv23_leiar


Rapporten Verdiskaping i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, som er utarbeidd av Norsk institutt for bioøkonomi og Østlandsforskning, syner at jordbruk- og gartneriverksemda i Rogaland med tilhøyrande foredlings- og forsyningsindustri, vidarefører sin sterke posisjon.


Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien var 5,6 mrd. kroner i 2014, 0,8 mrd. meir enn ved sist måling i 2010. Verdiskapinga frå jordbruket i Rogaland, rekna som bruttoprodukt, var 2,7 mrd. kroner, 90 millionar meir enn i 2010. Av den totale verdiskapinga frå jordbruket kjem 59 prosent frå kommunane på Jæren, 18 prosent frå Ryfylke, 13 prosent frå Haugalandet og 10 prosent frå Dalane. Verdiskaping (bruttoprodukt) er defi nert som inntekter inklusive tilskot, minus kostnader før avskriving. Tal bruk som søkjer produksjonstilskot har i same perioden gått ned frå 4.657 til 4.341. Sysselsettinga i primærjordbruket er berekna til 6.418 årsverk som er 84 årsverk mindre enn i 2010.


Rogaland har om lag same del av jordbruksproduksjonen i Norge som i 2010. Jordbruksarealet, inklusive kulturbeite, utgjer 10 prosent av jordbruksarealet i landet. Rogaland har 18 prosent av mjølkekyrne og 28 prosent av slaktegrisane. Delen slaktekyllingar er ca 19 prosent, og uendra frå 2010. I 2014 kom ca 90 prosent av dei norskproduserte tomatane frå fylket.
Produksjonsinntektene for jordbruket, utanom pelsdyr, var kr 6,77 mrd. kroner i 2014. Av dette var mark nadsinntekter 5,25 mrd. kroner og tilskot 1,52 mrd. kroner. I Rogaland er det Finnøy som har høgast verdiskaping frå jordbruket pr. innbyggjar med 53.682 kroner. Bjerkreim kjem som nummer to og Hjelmeland som nummer tre.


Rogaland har nå flest sysselsette innan næringsmiddelindustrien av alle fylka, med drygt 5.000 arbeidsplassar. I tillegg kjem forsyningsindustrien og alle som leverer varer og tenester der landbruket er ein del av målgruppa.


Rapporten presenterer ei næring som gir eit betydeleg samfunnsbidrag, målt i verdiskaping og sysselsetting. Vi må aldri undervurdere at økonomi og rammevilkår er avgjerande for overlevingsevna til den enkelte bedrift, både i primær- og i sekundærleddet. Tala i rapporten imponerer. Det ligg stor innsats og kunnskap bak resultatet. Rogalandsbonden og næringsmiddelindustrien leverar varene.


Likevel er samfunnsverdien av matproduksjonen så mykje meir enn det som kan teljast opp i tal sysselsette og målast i kroner og øre. Grunnlaget for den grøne verdiskapinga er moder jord. Måtte politikarar og den globale landbruksindustrien forstå at matproduksjon handlar om meir enn rekneark og kapital, diesel og stål. Berre ved å ta vare på naturgrunnlaget kan landbruket over tid levere den viktigaste vara av alle samfunnsvarer, nemleg mat.




Eirik Stople