FRAMSTEGSPARTIET ER KLARE i talen, det skal dei ha. Til Nationen før valet lova landbruksminister Jon Georg Dale meir frislepp og liberalisering dersom partiet fekk halda fram i regjering. Med valsigeren i boks stadfesta landbrukspolitisk talsmann, Morten Ørsal Johansen, same kurs i Nettavisen: Ytterlegare liberalisering, og god tru på støtte frå Venstre og KrF.
OVERSETT TIL FRP SITT programspråk tyder «frislepp og liberalisering» fortsatt innsats for avvikling av konsesjons-, bu- og driveplikta, fjerning av produksjonsavgrensingar som kvotar og konsesjonsgrenser, og mindre tollvern. Med andre ord – meir av det som landbruket og opposisjonen har kjempa mot dei fire siste åra.
DET VAR DETTE store delar av folket stemte for. Vel gjekk Høgre og FrP tilbake i valet, totalt sett, men i landbruksfylket Rogaland, alle jærkommunane inkludert, samt Møre og Romsdal, gjekk FrP fram. At frontane samstundes har hardna til i distrikts- og landbrukspolitikken er Senterpartiet sitt sterke resultat eit tydelig signal om. Mange bønder set nok no sin lit til partiet sine 19 representantar på Stortinget.
ANTEN DET GJELD forståinga av inntektsutviklinga, synet på kvotar, konsesjonsgrenser eller overføringar, er avstanden stor mellom dei blå-blå og dei raudgrøne. Meir av FrP sin landbrukspolitikk borgar for fortsatt bråk rundt næringa, lat det vera heilt klart.
LIKEEINS ER DET LITEN TVIL om at regjeringspartia sin politikk vil bli tøyla i tida som kjem, truleg i ennå sterkare grad enn i førre periode, ettersom dei no, utan ein samarbeidsavtale, er avhengig av støtte både frå KrF og V for å få gjennomslag.
AT DEI ULIKE PARTIA sin landbrukspolitikk er sterkt personavhengige, har engasjementet til Pål Farstad i Venstre, Line Henriette Hjemdal i KrF og ikkje minst Knut Storberget i Ap avslørt. Vonleg vil dei to sistnemnde partia fremja nye, sterke landbruksstemmar og lata dei utfalda seg i næringskomiteen på Stortinget. Landbruket, på si side, ville neppe protestere dersom Erna Solberg finn ein mindre talentfull statsrådskandidat enn Dale, dersom han vil gi seg.
SP SIN FRAMGANG er eit teikn på at folk i aukande grad er opptatt av distrikt og matproduksjon. Denne trenden bør alle opposisjonspartia forstå som eit mandat, i det dei skal vri landbrukspolitikken i retning auka sjølvforsyningsgrad, meir bruk av norske ressursar og landbruk i heile landet.
AT SP NO STÅR STERKARE gler mange. Samstundes gjer nok også kjensla av vonbrot seg gjeldane ettersom regjeringspartia får halda fram. Valresultatet er eit teikn på at landbruket framleis må stå på for å overtyda ennå fleire folk om verdien av ein mangfaldig norsk matproduksjon, og ikkje minst om føresetnadane som sikrar den.
JON GEORG DALE ER, og har vore høgkompetent, engasjert og krystallklar i sitt forsvar av FrP si linje i landbrukspolitikken. For bøndene er tida komen, atter ein gong, til å bretta opp armane, samla styrke i lag og svara med same sjølvsikre mynt.
Bothild Å. Nordsletten