Samstundes som samvirkekonserna, Tine og Nortura, leverer solide årsresultat, tufta på hard rasjonalisering og effektivisering, skriv den regjeringsoppnemnde Produktivitetskommisjonen ut resept på meir rasjonalisering over heile lina. Omstillinga går for tregt, og landbrukspolitikken kjem endå ein gong under lupa.
Landbrukspolitikken medfører store samfunnsøkonomiske kostnader, og importvernet av landbruksvarer er eit av dei beste døma på konkurransevridande reguleringar i Norge, heiter det i rapporten. Kostnaden med jordbruket handlar om meir enn budsjettstøtta på 14,3 milliardar. Den er på 40 milliardar, når ein tek med skjermingsstøtta, hevdar rapporten. Eit tal som kompetente forskingsmiljø bør etterprøve. Rapporten fokuserer mindre på verdiskapinga i næringskjeda, sysselsetting og kva samfunnet får att for pengane. Tilråding om ytterlegare liberalisering av landbrukspolitikken gir støtte til regjeringa sin politikk.
– Jeg håper at denne rapporten kan gjøre det enklere å få politisk gjennomslag for de saksområdene som rapporten løfter frem, seier finansminister Siv Jensen, i ein kommentar til Klassekampen.
Det er ikkje berre på foredlingssida at jordbruket kan syne til produktivitetsauke. Kommisjonen erkjenner at produktivitetsveksten i landbruket er høgare enn gjennomsnitt for fastlandsnæringane.
– Næringa produserer mange verdiar som er viktige for folk, som er vanskeleg å måle i kroner og øre. Vi må huske på at næringa har ei samfunnsrolle som krev at ho er til stades i heile landet. Det gir ikkje dei største utslaga på produktivitetsveksten, men det gir mogelegheit for mangfaldig matproduksjon og er god distriktspolitikk, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes , i ein kommentar til rapporten.
Leiar av komminsjonen, professor i samfunnsøkonomi, Jørn Rattsø, erkjenner at rapporten ikkje har med det politiske breiddesynet. På spørsmålet om ein ikkje bør ta andre omsyn enn auka konkurranse og produktivitet i politikken? svarar Rattsø:
– Selvfølgelig, men her har vi hatt produktivitetsbrillene på. (Klassekampen). Over mange ti-år har landbruket hatt, og har, ei krevjande rasjonalisering. Via rapporten til Produktivitetskommisjonen er vi vitne til at sterke premissleverandørar for samfunnsutviklinga krev endå meir av det same.
Det er ei farleg utvikling om framtida blir teikna av makthavarar som har ”tunellsyn”, denne gangen ved å ha på seg produktivitetsbrillene.
Balanse og breiddesyn må vera med i alle vurderingar. Alle krefter som ynskjer ei framtid med størst mogeleg sjølvforsyning av mat, basert på norske ressursar, bør slå ring om ein truga skapning, den norske landbruksmodellen.
Eirik Stople